Spennande prosjekt…

Denne veka skal elevane mine samarbeida med sjuande klasse frå skulen dei skal byrja på til hausten. Både prosessen og produktet kan bli veldig spennande trur eg. Begge klassanse har vore gjennom reklame som tema i norskfaget den siste veka.

Nedanfor er mesteparten av oppdragsteksten (eitt av færrast mogleg innlegg med bokmål). Eg kjem tilbake til resultat. Du står sjølvsagt fritt til å forbetra oppdrag og oppdragstekst om du vil prøva dette sjølv. Og viss du gjer det er eg takksam for tilbakemelding (Kva verka? Kva verka ikkje? Kvifor? Kva gjorde du/dine betre?)

1 Oppdrag:
Dere skal lage en reklamekampanje for et firma, en arbeidsplass, et lag, en organisasjon, en skole eller lignende i Sør-Varanger kommune.
2 Krav
2.1 Dere må selv velge noen dere vil lage kampanje for. Når dere har bestemt dere må dere ta kontakt med firmaet/personen det gjelder for å finne ut hva de vil reklamere for.
2.2 Dette er et gruppeprosjekt, det vil si at alle i gruppa skal bidra i arbeidet.
2.3 Reklamekampanjen skal inneholde minst to elementer, dere kan velge mellom:
(a) Film (Moviemaker)
Filmer skal vare i maks to minutter.
Film skal inneholde video og musikk/lydkommentar (NB. Lovlig musikk)
(b) Bildepresentasjon (Photostory)
Bildepresentasjon skal vare i maks to minutter
Må inneholde bilder, tekst og lydkommentar/musikk (NB. Lovlig musikk og bilder)
(c) Animasjon (Monkeyjam)
Maks to minutter
(d) Presentasjon (Powerpoint)
Presentasjonen skal være selvgående
Presentasjonen må inneholde tekst og bilder/figurer (NB. Lovlige bilder/figurer)
(e) Plakat (Word/Powerpoint/Ark)
Plakat skal være i A3-format
Plakat skal inneholde tekst, bilde/figur (NB. Lovlige bilder/figurer)
(f) Radioreklame
Radioreklame skal vare i maks 1 minutt.
Radioreklame skal spilles inn av minst 2 personer i gruppa og inneholde lovlig bakgrunnsmusikk/jingle.Dere skal KUN bruke lovlig materiale, det vil si at en må sjekke opphavsrett på bilder, lyder og musikk en finner på Internett

E24 – Powerpoint burde avskaffes

E24 – Powerpoint burde avskaffes : «Har du noen gang merket at oppmerksomheten svinner hen, hjernen kobler ut og blikket blir glassaktig når sjefen drar frem en ny Powerpoint-presentasjon?»

Bytt gjerne ut «sjefen» med «noen» og kanskje nokre kjenner seg igjen her. Cognitive load theory (utvikla av Sweller) som det vert referert til i artikkelen på E24 hevdar at ein maksimalt kan arbeida med sju bitar (chunks) informasjon om gongen og at læring først skjer når desse vert kobla til skjema ein allereie har i langtidsminne. Klarar ein ikkje å kobla ny informasjonen til informasjon eller kunnskap ein allereie har lærer ein heller ikkje noko. Les meir om Cognitive load theory her

Dersom du tenkjer deg godt om hugsar du gjerne ein person som haldt ei god førelesing eller liknande og brukte powerpoint. 
Eg gjettar vilt på at den personen hadde berre stikkord og figurar/bilete/media i presentasjonen og at personen var ein god forteljar.  Gjetta eg nesten rett? Og tenkte du med gru på alle dei dårlege presentasjonane med vannvittig mykje tekst du berre må skriva ned samtidig som førelesaren skal sei noko og? Mange går i fella og lagar ein stor flott presentasjon med masse tekst og ender opp med å skriva heile manuset sitt på presentasjonen. Då er det vel ikkje vits å ha nokon til å halda presentasjonen, folk flest kan lesa på eigenhand.
Ein kan jo bruka notat/manus-funksjonen i powerpoint. Då kan ein visa tilhøyrarane presentasjonen, 
medan ein sjølv kan sjå manus og innhaldsoversikt, tidsbruk og anna. Praktisk og god funksjon eg har skrive om her.

Frå HSH Sjølv hugsar eg Erling Roland si førelesing best. Han stod 5-6 timar på podiet og fortalte, utan powerpoint og utan manus. Det imponerte meg!

Sjølv opplever eg at folk forventar at eg som «nerd» eller datamann skal fyra opp powerpoint kvar gong eg skal forklara, visa eller presentera noko. Og så vert dei overraska når eg ikkje gjer det. Rett som det er bruker eg gjerne presentasjonsvisinga i Mindmanager som støtte for å visa relasjonar og samanhengar mellom stikkorda og tema eg fortel om. Eit døme som vart brukt på eit kurs i Fronter finst her (krev installasjon av mindmanager viewer/active-x). Eller du kan sjå meg testa camtasia studio for første gong med PIP/HeadUP her (Hugs det var første gongen eg laga ein slik presentasjon!).

Kva skal du gjera neste gong du skal ha ein presentasjon? Legg gjerne igjen tips til resten av oss i kommentarfeltet.

Søkja mastergrad IKT i læring?

Eg gjettar at nokre av lesarane her er over middels interesserte i IKT i læring.
Og dersom de ikkje har snappa det opp så finst det ei masterutdanning med sju ulike profilar innan IKT i læringhøgskulen Stord/Haugesund. Søknadsfristen går ut den 15. april, så om du er interessert bør du skunda deg…

Fakta | master IKT i læring

Studietid: 2 år
Studiepoeng: 120
Studiegrad: Master
Studiested: Stord
Opptakskrav: Bachelor
Søknadsfrist: 1. mars eller 15. april 2007 – søk her

Pedagogisk bloggliografi – Biblioteknytt for Fakultet for pedagogikk, HiA

På biblioteknytt for Fakultet for pedagogikk, HiA finst det ei oversikt over brukbare bloggar for dei som kan vere interessert  i pedagogikk, 
skule og IKT.

Pedagogisk bloggliografi – Biblioteknytt for Fakultet for pedagogikk, HiA: «Pedagogisk bloggliografi

Etter mal frå Plinius sitt oversyn over bibliotekbloggosfæren, kan det vere greitt med ei kronologisk kartlegging av den tilsvarande medienisjen hos pedagogane. I første omgang vil eg operere med eit romsleg omgrep for kva som høyrer heime under rubrikken pedagogisk blogging, men grensene kan heilt sikkert diskuterast»

Mine kjelder finn du nedst til venstre i bloggen, eller på 
http://www.bloglines.com/public/guttorm1979

Kanskje mappene edu, blogs og no-edublogs (snappa opp via ihodet.no) er mest relevante i denne samanhengen.