E24 – Powerpoint burde avskaffes

E24 – Powerpoint burde avskaffes : «Har du noen gang merket at oppmerksomheten svinner hen, hjernen kobler ut og blikket blir glassaktig når sjefen drar frem en ny Powerpoint-presentasjon?»

Bytt gjerne ut «sjefen» med «noen» og kanskje nokre kjenner seg igjen her. Cognitive load theory (utvikla av Sweller) som det vert referert til i artikkelen på E24 hevdar at ein maksimalt kan arbeida med sju bitar (chunks) informasjon om gongen og at læring først skjer når desse vert kobla til skjema ein allereie har i langtidsminne. Klarar ein ikkje å kobla ny informasjonen til informasjon eller kunnskap ein allereie har lærer ein heller ikkje noko. Les meir om Cognitive load theory her

Dersom du tenkjer deg godt om hugsar du gjerne ein person som haldt ei god førelesing eller liknande og brukte powerpoint. 
Eg gjettar vilt på at den personen hadde berre stikkord og figurar/bilete/media i presentasjonen og at personen var ein god forteljar.  Gjetta eg nesten rett? Og tenkte du med gru på alle dei dårlege presentasjonane med vannvittig mykje tekst du berre må skriva ned samtidig som førelesaren skal sei noko og? Mange går i fella og lagar ein stor flott presentasjon med masse tekst og ender opp med å skriva heile manuset sitt på presentasjonen. Då er det vel ikkje vits å ha nokon til å halda presentasjonen, folk flest kan lesa på eigenhand.
Ein kan jo bruka notat/manus-funksjonen i powerpoint. Då kan ein visa tilhøyrarane presentasjonen, 
medan ein sjølv kan sjå manus og innhaldsoversikt, tidsbruk og anna. Praktisk og god funksjon eg har skrive om her.

Frå HSH Sjølv hugsar eg Erling Roland si førelesing best. Han stod 5-6 timar på podiet og fortalte, utan powerpoint og utan manus. Det imponerte meg!

Sjølv opplever eg at folk forventar at eg som «nerd» eller datamann skal fyra opp powerpoint kvar gong eg skal forklara, visa eller presentera noko. Og så vert dei overraska når eg ikkje gjer det. Rett som det er bruker eg gjerne presentasjonsvisinga i Mindmanager som støtte for å visa relasjonar og samanhengar mellom stikkorda og tema eg fortel om. Eit døme som vart brukt på eit kurs i Fronter finst her (krev installasjon av mindmanager viewer/active-x). Eller du kan sjå meg testa camtasia studio for første gong med PIP/HeadUP her (Hugs det var første gongen eg laga ein slik presentasjon!).

Kva skal du gjera neste gong du skal ha ein presentasjon? Legg gjerne igjen tips til resten av oss i kommentarfeltet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *