Smartboard: Tips til ressursar, programvare og meir.

Har du Smartboard kan du finna ein del ferdig materiale og tips her:

http://www.smartskole.no
http://www.think-bank.com/iwb/
http://abunday-smartboard.blogspot.com/
http://edtechninja.com/
http://pdtogo.com/smart (Podcast, diverre berre lyd…)
http://smartboards.typepad.com/smartboard/
http://www.whiteboardblog.co.uk/
http://exchange.smarttech.com/forums/
http://almarolh.googlepages.com/ (Matematikk)

Teachertube.com har eigen kanal for opplæring i smartboard her.
Og eit søk på smartboard på teachertube gir brukbare resultat.

Og til sist eit tips om komande programvare til smartboard som gjer det litt lettare…

artPad og andre teikneprogram

art.com artPad er ei nettside ein kan ha bruk for i skulen. Her kjem du til eit blankt lerret, der du kan mala med forskjellige verktøy, skriva tekst og ramma inn maleriet ditt.

Når du er ferdig kan du hengja det opp i det virtuelle galleriet, skriva ut eller senda arbeidet ditt til andre på e-post.

Enkelt og utan noko form for registrering.

Vil du heller ha eit teikneprogram lokalt så sjekk >Tuxpaint for dei minste og Paint.Net for dei med litt meir avanserte krav. Elles kan jo Gimp og brukast, men det er ganske avansert. Og alle er gratis!

Kva vil du læra i dag?

Det finst utrulig mykje gratis materiale ein kan læra noko av på internett.
Av høgdepunkt kan ein jo nemna MIT Open Courseware og Stanford on iTunesU. Dersom ein bruker iTunes finst det og mange gode podkastar (både lyd og video) tilgjengeleg. Sjølv har eg lært utrulig mykje frå PhotoshopTV.

Hardware.no skriv om fleire her.

Tips: Virtuell kropp

Brukbar ressurs, på engelsk rett nok..
Her kan du sjå korleis hjartet verkar, korleis hjernen ser ut, pusla saman skjelett og meir.
Deler av dette kan vere brukbart på t.d. smartboard.
Sjå meir her.

Søk etter bilete du kan bruka: Yotophoto

Yotophoto

Dei fleste søker på internett etter bilete, men det er vanlegvis vanskeleg å finna ut om du kan bruka bileta til akkurat det du vil.
Det finst heldigvis ein søkemotor som gjer det arbeidet enklare: http://yotophoto.com/search?kw=learning

Under kvart bilete står det viktig informasjon:
Site: Morguefile (Kvar kjem biletet frå?)
License: Morguefile terms (Kva lisens er det? Klikk på lenka for å sjå)
Size: 2580 x 1932 (Storleik)

Lisensen til Morguefile er som følgjer:
«I don’t believe it, are they really free?
Yes, all images are really free and they can be used in your commercial projects without permission or credit from the photogrpaher. Although selling prints, selling the images directly or claiming the photo is yours is prohibited.»

Så, du kan eigentleg bruka alle bileta frå morguefiles til akkurat det du vil, så lenge du ikkje hevdar at du har teke dei eller krev betalt for dei.

Men det er fleire lisensar ein bør lesa gjennom!

(Onsdag 29.1.2008 er sida utilgjengelig. Reknar med at den vert ordna.)

Wikimindmap – Wikipedia som tankekart!

Via ihodet.no kom eg over wikimindmap.com som har ein interessant funksjon. Du skriv inn søkeord og så hentar nettsida ut informasjon frå wikipedia og presenterer resultatet som eit tankekart.
Naturlig nok sjekka eg «mind map» først og det såg lovande ut. Elles kan ein jo søka opp «Norway» og nokre stikkord om kva wikipedia inneheld der.
Og sjølv om ein ikkje kan velja den norske versjonen av wikipedia i menyen på wikimindmap.com kan ein jo sjølvsagt manipulera linken slik at ein får ut resultat på norsk…
Denne lenka gir det resulat frå den norske versjonen av wikipedia når ein søkjer på NRK: http://www.wikimindmap.org/viewmap.php?wiki=no.wikipedia.org&topic=NRK

Og då har eg bytta ut wiki=en.wikipedia.org med wiki=no.wikipedia.org i adressefeltet.

Praktisk måte å få ut viktige stikkord eller struktur frå wikipedia! Prøv sjølv!

Wisemapping – tankekart på nett.

Oppdaga nytt verktøy for nettbasert tankekart i dag – Wisemapping.com. Eg har kikka på demoen og synest ikkje at det støtter mine krav til eit slikt verktøy. Men for andre kan det kanskje vere nok.

Kort oppsummert:
Ein kan leggje inn lenker
Eksport til Freemind, PDF og biletefiler.
Samarbeidsfunksjon og publiseringfunksjon.

Du kan sjølv testa på http://www.wisemapping.com