Programvare for tankekart.

Eg får ofte e-postar med spørsmål om kva tankekartprogram som er best. Og då svarar eg kvar gong at det er avhengig av brukaren og bruken. Mange klarar seg med freemind eller Cmap, medan andre kanskje vil føretrekkje openmind eller mindmanager. Sjølv bruker eg hovudsakleg mindmanager. Etter kvart har det og dukka opp ein del nettbaserte verktøy som t.d. comapping.com og mindomo.com.

Her er i alle fall eit tips til oversikt over programvare:
http://en.wikipedia.org/wiki/List_of_Mind_Mapping_software

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *