Christopher D. Sessums :: Blog :: Blended Teaching and Learning Workshop Notes

«Blended Learning – It’s not about technology; it’s about time.»

Interessant innlegg om «blended learning» frå Christopher D. Sessums.
Blended learning kan vel forklarast som hybrid-læring der ein bruker både klasseromsundervising (fjes-til-fjes/F2F) og med innslag av digitale aktivitetar.
Artikkelen på den norske versjonen av wikipedia er vel ikkje ferdig enda, men eg forstår det slik at ein bruker både mennesklege og virtuelle ressursar. Ein bør vel kanskje kikka på den engelske versjonen der det er litt fleire referansar.

Sessums trekk i alle fall følgjande konklusjonar:
How Blended Learning can work for you:

  • Allows you to rethink class time.
  • Allows for the potential of increased interaction with students in large classes.
  • Allows for the extension of classroom conversations.
  • Allows you to place lecture material online to leave more time for discussion and assignments in class.
  • Allows you to create virtual workspaces for groups.
  • It can be a healthy segue to developing courses for fully online delivery.

MEN:
Remember:

  • Building blended or any e-learning takes time.
  • Technical and design support is critical.
  • Student support is also critical.

Blogged with Flock

Fylker i Norge – SVK wiki

Døme på "samansett" tekst via Ript.Elevane eg har i femte trinn er no i gong med å laga sin eigen kunnskapsbase i wiki. Me har starta arbeidet med å skriva om fylka i Noreg. Du kan sjølv sjå her:
Fylker i Norge – SVK wiki.
Serveren er desverre/heldigvis skrudd av grunna spam.

Konverter til flash.

Lifehacker omtalar i dag nettsida moonk som gjer deg i stand til å laga flash av bilete, videoar og lyd. du kan importera frå harddisk, nettbasert album eller lenker.

Det du lagar kan du og integrera (embed) i dei fleste sosiale nettsamfunn og bloggar. Det fine med tenesta er at du kan lasta ned og ta vare på dine eigne produkt via «media manager», MEN då må du betala.
Tenesta er gratis i lettversjonen, men krev registrering.

Ript og wiki i undervising…

Omtalte nyleg programmet Ript her på bloggen og no skal eg bruka det i undervising. For å synleggjera korleis ein henter informasjon fleire stadar og set det saman til noko nytt.

Norge

Elevane skal i gong med fylka i samfunnsfag og geografi og då har eg gitt dei eit oppdrag.
Oppdraget lyd nokolunde slik som dette:
«Samfunnsfagsbøkene våre er om lag 10 år gamle. Me skal laga oppdaterte versjonar av kapitla om dei forskjellige fylka. De skal jobba saman to og to med to fylke på deling. Tips til hjelpemiddel: Biblioteket, geografiboka, Norge.no, ssb.no, caplex.no wikipedia.org. Hugs å skriva ned kvar du finn informasjonen du brukar.
Teksten skal reinskrivast på pc, godkjennast av lærar og publiserast her: http://svkwiki.net/wiki/index.php?title=Fylker_i_Norge «

Dette blir ein spanande prosess med femte trinn.

Blogged with Flock

Naudsynt programvare i kvardagen.

Eg skal prøva å lista opp programvare eg ikkje kunne klart meg utan. Eller programvare som gjer kvardagen mykje lettare. Eg oppmodar sjølvsagt deg om å gjere det same, så kanskje andre eller eg oppdagar nokre til.

1. Tankekart/grafisk organisator. Mitt hovudprogram (den vart bra tvetydig på nynorsk!): Mindmanager (Dyrt, men for meg verdt kvar krone).
2. Nettlesaren Opera (gratis), sjølvsagt med e-postdelen i heftig bruk.
3. Nyhendelesar. Etter fleire år med Feedreader (gratis) har eg skifta til Feeddemon (Gratis,Sync mellom fleire pcar i tillegg til nettbasert, overvaking på stikkord.)
4. IM/Lynmeldingsklient, t.d. pidgin/trillian/wl-messenger. (gratis alle…)
5. Logmein.com (Gratisversjonen), lag meg fjernstyra mine pcar utan at eg treng tenkja på vpn, brannmur, ip-adresser osb.
6. GmailFS (Gratis). Gjer at eg får opp ein virtuell harddisk på maskinen min. Bruker gmail-kontoen til fillager og deling mellom pcar. Ein kunne jo brukt Hamachi i staden, men det er meir tungvindt.
7. Notepad, kan brukast til det meste.
8. Faststone Image Viewer, gratis god biletebehandlar.
9. VLC/Videolan. Speler av alt, utan stress med codecs. Alternativ: Mplayer.
10. Mediamonkey. Suverent til handtering av omfattande musikkbibliotek og synkronisering med mobil/ipod.

Elles dukkar det jo opp programtips rett som det er her i bloggen. Følg med på bokmerka mine frå Furl.net i høgre kolonne.
Testar forresten Flock til blogginga i dag.

Kva er dine favorittar?

Blogged with Flock