Erfaringar ein søndag (Readyboost + Memorystick = brannfare)

For å få litt raskare pc så har eg bruk funksjonen Readyboost i Windows Vista på maskinen min. Readyboost gjer at ein kan bruka ein minnepinne (flashdisk, usbdisk, usbkey, minnekort…) for å avlasta RAM. Altså ein måte å få litt kjappare maskin utan å investera i meir RAM. Eg har hatt eit minnekort (Memorystick Pro Duo) frå Sony liggjande og brukt det til Readyboost eit stund, men det var ikkje så lurt. I dag byrja det nemleg å lukta svidd elektronikk. Ganske raskt såg eg at det kom litt røyk frå PCen, nærare bestemt minnekortet. Eg nappa det ut, drog ut straum og batteri og venta i spaning på om maskinen skulle ta fyr. Heldigvis gjorde den ikkje det, men det luktar svidd elektronikk av PCen enda…

Og minnekortet? Det er svidd, plasten er delvis svart og smelta. Heldigvis har eg sett i 2GB RAM så eg kjem nok ikkje til å savna minnekortet.

Kombinasjonen HP Pavillion dv9005ea, Sony Memory Stick Duo Pro (med adapter MSAC-M2), Windows Vista med ReadyBoost vert ikkje tilrådd frå underteikna.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *