Tips: Presentasjon som Flash?

No om dagen ser eg at mange legg ut presentasjonar på Slideshare. Eg likar ikkje å leggje ut eige omateriale på andre sine serverar, spesielt ikkje viss det er andre som tener på mitt materiale, Og i tillegg har vilkår dei kan gjera akkurat som dei vil med, akkurat når dei vil…
Ikkje at eg tener noko på det eg legg ut (utanom tilbod om å halda føredrag og slikt).
Eg vil gjerne ha retten til å sletta mine presentasjonar og filer når det passar meg. Heldigvis disponerer eg eige sub-domene og serverplass.

Ein kan jo ikkje gardera seg mot alt og at ting eg eventuelt vil sletta frå serveren forsvinn med ein gong, wayback machine har jo vore praktisk ein heil del gonger.

Men tilbake til saken: Presentasjon som flash. Og då gjerne powerpoint til flash. Det finst faktisk ei veldig enkel løysing på det.
Gratis til og med! Høyrt om Impress? Kva med Openoffice?
Visste du at du kan eksportera presentasjonar frå Impress som Flash (.swf)?
Det visste ikkje eg heller før i dag, for det er ingen som har spurt meg om det før.

Mitt neste prosjekt er herved å testa eksport frå Mindmanager til Powerpoint-fil som eg opnar i Impress og lagar Flash av! (Eller så vert det skjermfilming med verktøy som t.d. Camtasia i Mindmanager..)

Og med Openoffice installert igjen har eg Windows på nynorskgir eit lokalisert brukargrensesnitt for nye marknader i vekst og minoritetsgrupper», tru om me er i vekst eller minoritetsgruppe…), kontorprogram på nynorsk, nettlesar på nynorsk og nyhendeprogram på nynorsk. Fine greier.

2 Replies to “Tips: Presentasjon som Flash?”

  1. Hei Guttorm,

    Hvordan gikk det med konverteringen fra ppt til flash med impress/open office? Fungerte det bra? Jeg skal konvertere en ptt til flash og vurderer ulike løsninger. 🙂

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *