Naudsynt programvare i kvardagen.

Eg skal prøva å lista opp programvare eg ikkje kunne klart meg utan. Eller programvare som gjer kvardagen mykje lettare. Eg oppmodar sjølvsagt deg om å gjere det same, så kanskje andre eller eg oppdagar nokre til.

1. Tankekart/grafisk organisator. Mitt hovudprogram (den vart bra tvetydig på nynorsk!): Mindmanager (Dyrt, men for meg verdt kvar krone).
2. Nettlesaren Opera (gratis), sjølvsagt med e-postdelen i heftig bruk.
3. Nyhendelesar. Etter fleire år med Feedreader (gratis) har eg skifta til Feeddemon (Gratis,Sync mellom fleire pcar i tillegg til nettbasert, overvaking på stikkord.)
4. IM/Lynmeldingsklient, t.d. pidgin/trillian/wl-messenger. (gratis alle…)
5. Logmein.com (Gratisversjonen), lag meg fjernstyra mine pcar utan at eg treng tenkja på vpn, brannmur, ip-adresser osb.
6. GmailFS (Gratis). Gjer at eg får opp ein virtuell harddisk på maskinen min. Bruker gmail-kontoen til fillager og deling mellom pcar. Ein kunne jo brukt Hamachi i staden, men det er meir tungvindt.
7. Notepad, kan brukast til det meste.
8. Faststone Image Viewer, gratis god biletebehandlar.
9. VLC/Videolan. Speler av alt, utan stress med codecs. Alternativ: Mplayer.
10. Mediamonkey. Suverent til handtering av omfattande musikkbibliotek og synkronisering med mobil/ipod.

Elles dukkar det jo opp programtips rett som det er her i bloggen. Følg med på bokmerka mine frå Furl.net i høgre kolonne.
Testar forresten Flock til blogginga i dag.

Kva er dine favorittar?

Blogged with Flock

4 Replies to “Naudsynt programvare i kvardagen.”

  1. Hmmm… spør meg heller om ting jeg har lagret, som jeg vanskelig kan unnvære.
    Krasjet min bærbare jobb-PC for kort tid siden (PC-er, også bærbare bør kunne tåle te med sukker, rødvin og cola – spør du meg) – og da fant jeg ut hva jeg gråt allermest over å miste; Mine bokmerker i Opera. Hulk Snøft…

  2. Backup er ikkje dumt nei. Heldigvis sender eg over bokmerka mine frå opera til furl.net. Dessutan har vel opera ei synkroniseringsteneste for bokmerka.

    Elles bruker eg syncback for å halda dokumenta mine oppdatert på minst tre stadar. Bilete og dokument vert svidd på dvd minst ein gong i halvåret. Var flinkare til det før.

  3. Du skriv at du har gått over frå Feedreader til FeedDeamon. Vil det og seie at du ikkje lenger oppdaterer omsetjinga av Feedreader, eller?

  4. Tja, det har eg ikkje tenkt noko over enda. Det er ikkje så mykje arbeid å omsetja feedreader så det kan henda eg fortset med det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *