Ript og wiki i undervising…

Omtalte nyleg programmet Ript her på bloggen og no skal eg bruka det i undervising. For å synleggjera korleis ein henter informasjon fleire stadar og set det saman til noko nytt.

Norge

Elevane skal i gong med fylka i samfunnsfag og geografi og då har eg gitt dei eit oppdrag.
Oppdraget lyd nokolunde slik som dette:
«Samfunnsfagsbøkene våre er om lag 10 år gamle. Me skal laga oppdaterte versjonar av kapitla om dei forskjellige fylka. De skal jobba saman to og to med to fylke på deling. Tips til hjelpemiddel: Biblioteket, geografiboka, Norge.no, ssb.no, caplex.no wikipedia.org. Hugs å skriva ned kvar du finn informasjonen du brukar.
Teksten skal reinskrivast på pc, godkjennast av lærar og publiserast her: http://svkwiki.net/wiki/index.php?title=Fylker_i_Norge «

Dette blir ein spanande prosess med femte trinn.

Blogged with Flock

3 Replies to “Ript og wiki i undervising…”

  1. Høres ut som en god oppgave. Her må de forholde seg kritisk til informasjon. De synes sikkert det er gøy at å «forbedre lærebøkene»

  2. Samd med Leif: Godt utforma oppgåve! Reinskriving og godkjenning på førehand verkar klokt. Er det du som har installert MediaWiki eller er det kommunen?

  3. Det er kommunen som har sett opp. It-avdelinga her er frampå og set opp slikt før me etterspør det. Moodle og wiki stod i alle fall klart før eg rakk å spør.

    Oppgåva er nok litt vanskeleg for 5. trinn. Men eg har tru på at det skal føra til noko positivt. Dei må og samla informasjon og setja det saman i skrivebøkene sine før dei får skriva på pc. Dette gjer eg for å få mindre klipp og lim.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *