ITpro: Det er 18-års aldersgrense på Google –

«Det er 18-års aldersgrense på Google… Du kan ikke benytte deg av Googles produkter, programvare, tilbud eller hjemmesider, og kan ikke akseptere betingelsene om du ikke er over lovlig alder for å inngå en kontrakt.» Via ITPro

Ikkje er det lov å sjå video på Youtube for dei under 18 år heller i følgje ITavisen.

Men desse vilkåra gjeld rett nok «Google Accounts» og det treng ein ikkje for å søkja på Google.

Vil ikkje dette seie at ein ikkje kan bruka Blogger, Google Apps Education Edition eller andre tenester med elevar yngre enn 18 år i Noreg?

Sjekk vilkåra sjølv, spesielt punkt 2.3.

Blogged with the Flock Browser

Grafisk organisator: Cayra

Cayra is a free desktop application that lets you represent tasks, ideas, concepts and other items in a graphic, well-structured way. Cayra is based on such visualization techniques, as Mind Mapping and Concept Mapping and allows you to conveniently work with big maps.

Make it clear! | Cayra

Stikkord: Mindmapping, gratis, krev .NET 3.0.

Verkar ganske fleksibelt, ganske fancy design.
Lovande!

Blogged with the Flock Browser

«– Vi mister autoriteten» – Artikkel på aftenbladet.no

«– Vi skal bruke data som et læringsverktøy, men det virker som mange elever har problemer med å
forstå at pcen har noe annet enn en underholdningsverdi…»


Der har me vel ein jobb å gjera i skulen?
Mange elevar ser nok på skulen som eit aktivitetsTILBOD og ikkje ein læringsarena, altså ein stad der dei sjølve kan velje om dei vil læra noko eller ikkje. Det finst programvare som gjer at du kan sjå kva som skjer på elevane sine maskinar, men som dei sjølv seier:

«– Hvis en side eller et program sperres finnes det alltid alternativer…»

T.d.: http://browseatwork.com/, manipulering av URL i google translate og mange andre…

For mange verkar ein PC distraherande, det finst så mykje ein kan gjera der. Dersom me lærarar klarar å laga opplegg der dei aktivt må bruka ein PC for å løysa eit oppdrag eller læra seg noko vert det kanskje mindre daudtid til å bli forstyrra. Mange elevar er gode på multitasking, og skjerpar seg når dei må, men kanskje ikkje før dei verkeleg må.

Pernille Moe – Læring, vurdering og IKT: Vurderingskriterier og tilpasset opplæring – noen sammenheng?

Pernille Moe skriv om Læring, vurdering og IKT: Vurderingskriterier og tilpasset opplæring – noen sammenheng?. Her er det mange gode tankar og tips til korleis ein kan koma litt nærare betre vurdering og tilpassa opplæring.
Skulen eg jobber på er deltakar i det nasjonale prosjektet «Bedre vurderingspraksis» der me sjølv skal laga og prøva ut kjenneteikn på låg og høg måloppnåing i norsk, matematikk, samfunnsfag og mat og helse på årstrinna med kompetansemål i barnetrinnet (Modell A). Eg trur det er lurt å dra med elevane sjølv i utviklinga av kjenneteikn, men i barneskulen kan det kanskje vere lurt at dei er med på å utvikla generelle kjenneteikn for skriftleg arbeid, muntlege presentasjonar og liknande.

Eg har og tenkt ein del på administrasjon av alle kjenneteikna og korleis eg enkelt kan ha styr på dei sjølv, korleis elevane skal kunne sjå sin eigen progresjon og korleis føresette skal kunne sjå dette. Så langt har eg berre sett ei løysing som kan verke skreddarsydd for formålet, men kom gjerne med tips til andre. Erfaringar frå løysinga er og interessant å få tak i.

Både Pernille og eg er sjølvsagt interessert i innspel og kommentarar!

Krigsoverskrifter på Digi.no: Lærere sliter med IKT-bruk i undervisning.

Ulf Skauli si komande mastergradsoppgåve vert førehandsannonsert på digi.no med følgjande overskrift: «Lærere sliter med IKT-bruk i undervisning.» Presentasjonen var 25.mars og oppgåva ligg her.

Målet med oppgåva var i følgje digi «å undersøke på hvilken måte det å ta i bruk IKT ved et program for produksjon av multimodale tekster, ble tatt i mot på en grunnskole.»  I artikkelen står det og at dette er aksjonsforsking, der Skauli har fokusert på ein lærar sine opplevingar og refleksjonar og elevane sitt praktisk arbeid med programvaren. Denne læraren skulle vere pioner på denne skulen for å motivera og visa vegen i kollegiet.

I artikkelen står det og at «elevene har kompetanse og brukeromfang knyttet til bruk av IKT som kommunikasjonsmiddel, langt utover hva deres lærere i hovedsak har». Eg vil tru at mange lærarar har kompetanse i pedagogisk bruk av IKT som kommunikasjonmiddel, men dei er kanskje ikkje på same bane eller kommunikasjonsform som elevane. Personleg eg er storbrukar av forum og direktemeldingar, men eg ser ikkje så mange område der eg kan bruka dette med meirverdi i skulen.

Det viktigaste ein finn i denne artikkelen er at sporadisk eller episodevis bruk av IKT utan mål og meining har lite føre seg. Det er eg heilt einig i. En må setja IKT-bruken inn i ein samanheng før ein klarar å finna ein meirverdi.  Nokon elevar har mykje kunnskap innanfor enkelte område, då bør kanskje me lærarar vere flinkare til å utnytta dette og la eleven vere kreativ og jobba med noko innanfor ei ramme.

Å hevda at lærarar generelt slit med IKT-bruk i undervisinga på bakgrunn av denne oppgåva er litt i drøyaste laget.
Til slutt vil eg hevda at overskrifta i artikkelen er heilt på høgde med denne: «Norske bladfykar (journalistar…) slit med å lesa forsking.»

Oppdatering: Ulf Skauli har lagt ut lenke til heile oppgåva.

Oppdatering 2: Oppgåva er sensurert.