Krigsoverskrifter på Digi.no: Lærere sliter med IKT-bruk i undervisning.

Ulf Skauli si komande mastergradsoppgåve vert førehandsannonsert på digi.no med følgjande overskrift: «Lærere sliter med IKT-bruk i undervisning.» Presentasjonen var 25.mars og oppgåva ligg her.

Målet med oppgåva var i følgje digi «å undersøke på hvilken måte det å ta i bruk IKT ved et program for produksjon av multimodale tekster, ble tatt i mot på en grunnskole.»  I artikkelen står det og at dette er aksjonsforsking, der Skauli har fokusert på ein lærar sine opplevingar og refleksjonar og elevane sitt praktisk arbeid med programvaren. Denne læraren skulle vere pioner på denne skulen for å motivera og visa vegen i kollegiet.

I artikkelen står det og at «elevene har kompetanse og brukeromfang knyttet til bruk av IKT som kommunikasjonsmiddel, langt utover hva deres lærere i hovedsak har». Eg vil tru at mange lærarar har kompetanse i pedagogisk bruk av IKT som kommunikasjonmiddel, men dei er kanskje ikkje på same bane eller kommunikasjonsform som elevane. Personleg eg er storbrukar av forum og direktemeldingar, men eg ser ikkje så mange område der eg kan bruka dette med meirverdi i skulen.

Det viktigaste ein finn i denne artikkelen er at sporadisk eller episodevis bruk av IKT utan mål og meining har lite føre seg. Det er eg heilt einig i. En må setja IKT-bruken inn i ein samanheng før ein klarar å finna ein meirverdi.  Nokon elevar har mykje kunnskap innanfor enkelte område, då bør kanskje me lærarar vere flinkare til å utnytta dette og la eleven vere kreativ og jobba med noko innanfor ei ramme.

Å hevda at lærarar generelt slit med IKT-bruk i undervisinga på bakgrunn av denne oppgåva er litt i drøyaste laget.
Til slutt vil eg hevda at overskrifta i artikkelen er heilt på høgde med denne: «Norske bladfykar (journalistar…) slit med å lesa forsking.»

Oppdatering: Ulf Skauli har lagt ut lenke til heile oppgåva.

Oppdatering 2: Oppgåva er sensurert.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *