Dagfinn Nordbø: «Å snakke med en 12-åring»

Dagfinn Nordbø skriv på Aftenposten.no:

«… i dag skal du gjøre noe helt annet. Du skal sette deg ned sammen med barna
dine en hel kveld. Flere kvelder. En hel uke. Du skal droppe dine inngrodde
kveldsvaner, kutte ut Dagsrevyen, og sitte i flere timer og forlange at barna
dine lærer deg opp i de spillene og de programmene de liker å bruke. Hvis du
ikke gjør det, svikter du faktisk din rolle som oppdrager.»

Eit anna interessant poeng:

«Jeg forstår meg ikke på tekniske ting». Dette er den mest brukte
unnskyldningen for dagens foreldre, og den er 100% visvas. Selvsagt forstår du
deg på tekniske ting. Mener du virkelig at du er dummere enn dine egne
barn?»

Og konklusjonen er:

Du må lære deg det. Hvis ikke vil du bli akterutseilt, og du vil etterhvert føle
en avstand mellom deg og barna dine som ikke er av det gode. Og den eneste måten
å lære det på, er å bruke det selv.

Nordbø har fleire gode poeng i artikkelen. Ungdom kastar seg ut i det, prøver og feiler sannsynlegvis av og til. Men ser dei noko nytte i det så fortset dei gjerne med det. Står dei fast har dei ofte mange kontaktar dei kan spørja om hjelp og tips frå. Vaksne er kanskje meir redde for å gjera feil. Eit godt konkret forslag til kva ein kan gjera er og nemnt; Lag ein film! Eller så kan ein jo laga ei digital forteljing. Eller ein animasjonsfilm.

Men det første skrittet er kanskje det vanskelegaste, set deg ned saman med poden!

Digital kompetanse? Tablet…

Digi melder i dag at Buskerud fylkesting har inverstert i Tablet-pcar for om lag ein million kroner. Det dei ikkje fekk tydeligvis ikkje med seg var at Microsoft XP Tablet ikkje støtter gjenkjenning av norsk handskrift. Sjølv om dei visstnok har blitt opplyst om dette.

Politikerne har nå hatt maskinene i seks uker, og de sliter fortsatt med å
få brukt maskinene på en ordentlig måte.

Sjølv har eg vore så heldig å få låna meg ein HP TC1100, praktisk liten sak. Fekk endeleg testa «Pen mode» i mindmanager. Det er likevel ikkje så praktisk å skriva lengre tekstar på tableten, den kjenner jo ikkje igjen mi kråkeskrift på nynorsk. Og så skriv eg rett nok ein heil del raskare på tastatur enn med penn. Grunnen til at eg har venta på å få klørne i ein tablet heng saman med smartboard. Eg trur at i mange tilfelle kan ein klara seg med ein prosjektør og ein tablet. Ser ein på funksjonalitet og pris så trur eg i alle fall at ein tablet dekkjer mange av områda eg treng. Og det er klart at kombinasjonen tablet og prosjektør er nokre høvdingar billegare enn pc, prosjektør og smartboard (berre smartboard kostar over 20 høvdingar).

«PC-tabbe i Buskerud fylkesting – digi.no : Personlig teknologi»

Dagens tips.

http://www.giveawayoftheday.com/ er ein nettstad som dagleg deler ut programvare som eigentleg kostar noko.

Rett som det er dukkar det opp små skattar, men det er ikkje alt det er verdt å installera.

Kort fortalt:
– Det er eigne vilkår for programma ein kan lasta ned. (T.d. ikkje support, kun til privat bruk osb.)
– Programma vert lagt ut og må installerast innan 24 timar etter publisering

Det er lurt å sjå på kommentarane til programma, då dukkar det ofte opp tips om alternativ programvare som kan vere nyttig.
Feed: http://www.giveawayoftheday.com/feed/

Kronikk på utdanningsnytt.no: Knekt verre nøtter før?

Min tidlegare kollega (men fortsatt guru) Aslaug G. Almås skriv i ein kronikk på Utdanningsnytt.no:

Det å innføra ikt som ein naturleg del av undervisninga er ein omfattande jobb. Diverre medfører ikt også fallgruver dersom lærarane ikkje er kompetente og trygge på jobben dei skal gjera…
Det vil alltid oppstå nye problemstillingar, og ulike kontekstar, som lærarar skal ta omsyn til i si undervisning. Difor treng me flinke og kreative lærarar som kan koma opp med gode løysingar der ikt inngår som ein naturleg del. Og nøkkelen er ikkje berre å finna ei løysing, men fleire.

Det handlar vel om å vera trygg og å sjå potensielle gullgruver. Ofte er det fleire vegar til målet.
Aslaug er for tida stipendiat innan IKT i læring og har publisert ein heil del her.

Programtips: Debut Video Recorder (IM/Skjerm-filming)

Flash VideoImage via WikipediaDebut Video Recorder har ei rekkje funksjonar som gjer det verdt å kikka på. Programmet er laga for å ta opptak av videosamtalar og skjermfilming. Ein kan velje kvalitet, lengde, codec og format. Når ein er ferdig med filminga kan ein velje om programmet skal senda resultatet som eit vedlegg til e-post, lasta opp til ftp, eller kopiera det til ein nettverksdisk.

Programmet kan lagra rett i Flash Video (.flv).
Dersom du installerer kjem det inn snarvegar til ein del anna programvare frå utviklaren, det kan fjernast.

Les omtale på Dinside Data.