Nyleg lagra lenker (weekly)

Hvor mange ganger må barna i klassen gå til skolen for å tilbakelegge samme avstand som jordens omkrets ved ekvator?

Det er utfordringa tre fedre har laga til klassen ungane deira går i. Opplegget er tverrfagleg og kan inngå i geografi, matematikk, engelsk og norsk.
Opplegget er laga for 4. Trinn, men det kan definitivt brukast for eldre elevar og.

Alle filer, instruksjonar og nødvendig materiale ligg tilgjengeleg her: http://heim.ifi.uio.no/~gran/IKT4A98/

Lærarrettleiing: http://heim.ifi.uio.no/~gran/IKT4A98/opplegg.pdf

Deler av dokumentasjonen kan skrivast i wiki, Sør-Varanger kommune har ein wiki her: http://www.svk.no/wiki (men det kjem ein del spam der.)
Elles kan wikispaces.com godt brukast. Sandnes skole har eigen wiki her: http://sandnes-skole.wikispaces.com, den er stilt inn slik at ein må registrera seg og godkjennast av lærarar for å få tilgang. Berre medlemmer kan sjå innhaldet.

Sommarferien over, ny jobb, ny pc

Stille før stormen kan vel kanskje oppsummera postane på bloggen i sommar…
Men for å oppdatera i korte trekk relevant for bloggen:

– I løpet av hausten startar eg som IKT-pedagogisk systemansvarleg ved Kirkenes vidaregåande skole. Det blir ein spanande og utfordrande jobb.
– Sekundær-PC er bestilt, valet havna på Asus EEE 900.

Denne veka har det vore planlegging på vidaregåande, neste veke vert det planlegging og skulestart i grunnskulen. Hektiske tider med andre ord.

Innspel, kommentarar, utfordringar og tips kjem det nok meir av etter kvart.