Digi.no: Vet ikke om lærere får penger til IKT

«… på spørsmål fra digi.no til kommunikasjonsavdelingen i
Kunnskapsdepartementet, er det ingen som kan svare på hva som er satt
av til IKT

– Det har ikke blitt satt av noe spesifikt til IT, sier Baastad til digi.no

Hun viser imidlertid til side åtte og ni i strategidokumentet for videreutdanning av lærere der det står:

Videreutdanning må også ivareta sentrale elementer i Kunnskapsløftet
som vurdering, tilpasset opplæring, bruk av IKT i faget samt
vektlegging av grunnleggende ferdigheter.
» (digi.no)

IKT er ikkje og bør ikkje vere eit eige fag, eller fagområde. Ein skulle jo tru at EVU heng saman med kunnskapsløftet slik at lærarar får kunnskap om digital kompetanse i akkurat dei faga dei får vidareutdanning i. Det er nok mange lærarar som har teke IKT 1 eller 2 der dei lærte grunnleggjande filbehandling, office (inkludert frontpage) og kanskje litt programmering. Eg håper det ikkje vert vidareutdanning i IKT, men meir av typen IKT i naturfag, norsk, matematikk osb.

Det ein treng opplæring i er vel heller prinsipp som virker uavhengig av kva teknologi ein har tilgjengeleg. Og så bør det sjølvsagt vere fokus på IKT i faga.

Pressemeldinga frå udir kan lesast her.

Nettsider for skulen og animasjon.

Har nyleg fått nettsider for Sandnes skole og Jarfjord oppvekstsenter på lufta. Begge vert drifta med Joomla. Etter kvart vil sidene verte ein naturleg ressurs for elevar, føresette, lærarar og andre interesserte. Eg har m.a. lagt inn ei nyhendeteneste som oppdaterer seg sjølv.
Nestsiste veka i jobb på Sandnes har elevane laga kortfilmar. Den eine animasjonsfilmen ligg på sandnes-skole.no.
Den er laga med monkeyjam og eit vevkamera i sandkassen. Elevane tok berre 600 bilete for å laga denne snutten. Det var kanskje i minste laget. Animasjonsfilmen frå Syd-Varanger er laga av rundt 2000 bilete om eg ikkje hugsar heilt feil.

Nyleg lagra lenker (weekly)

Posted from Diigo. The rest of my favorite links are here.

Tips til norskundervisinga

Aftenposten har hatt ein novellekonkurranse med tittel «Alt kan sies med seks ord«. Inspirert av Ernest Hemingway sitt litterære mesterverk «For sale: baby shoes, never worn» har mange lesarar sendt inn sine noveller på seks ord. Eg skumma gjennom og synest det var mange tankjevekkande og interessante mikronoveller.
Dette må ein då kunne bruke i undervising, det kan nok vere utruleg deilig for nokre å sleppa til med ei slik oppgåve. Men enkelt treng det ikkje å vera. Eg meiner eg har lest nokolunde følgjande tekst ein eller annan stad: «Beklager at teksten ble så lang, men jeg hadde ikke tid til å skrive kortere.»

Les mer om boken og få tips til fremgangsmåte her.

Dette skal i alle fall eg testa, kva med deg?

Digi.no: – Sett av en milliard til IKT i skolene

Knut Yrvin uttalar seg på digi.no om satsinga på ikt i skulen

Kunnskapsløftet blir en bløff hvis ikke lærerne får IT-hjelp, mener Knut Yrvin.

Her er det fleire gode argument å plukka opp.

Lærere er praktiske dyr og trenger opplæring i IKT som er tilpasset den nasjonale læreplanens krav til IT-ferdigheter

Skolen trenger en IKT-reform. Så lenge ansvaret er overlatt til hver enkelt lærer som skal utforme lokale læreplaner og det ikke er avsatt midler, er svaret gitt at Kunnskapsløftet blir en bløff, mener Yrvin.

Selv er Yrvin ingeniør og sammenligner Kunnskapsløftet med å bygge en bro.
– Det hjelper ikke med flotte tegninger av en bro. En ingeniør må vite alle detaljer for å få den til å være både trygg og funksjonell, sier han.

Nokon som er uenige?

Lektion.se – din kollega på nettet.

Den svenske nettsida lektion.se er kanskje den største nettsida for svenske lærarar og andre som arbeider i skulevesenet. Det finst fleire tusen tips og idear ein sjølv kan dra nytta av. Akkurat no er det 164 430 medlemmer på sidan, meg inkludert.
Det norske alternativet har over 5700 digitale læremiddel.
Veit du om fleire slike gode ressursar så legg igjen ein kommentar.

Lektion.se är ett internetbaserat läromedel producerat av lärare
för lärare. Grunden är en idébank, en databas där
du snabbt och enkelt kan skicka in, söka och hämta lektionsmaterial.

På lektion.se finns ett Forum där du kan kommunicera med kollegor
över hela landet och en länksamling med bra länkar som medlemmarna
själva lagt in. Förutom det kollegiala utbytet finns också
ett Leverantörsarkiv där du enkelt söker bland 1000-tals skolleverantörer
och ett Jobbarkiv, där du hittar alla lediga lärarjobb – i hela
Sverige.

Vår ambition är att göra lektion.se till den bästa tjänsten
för lärare på Internet. (lektion.se)

Oppsummering frå OilSim 2008

Dei to siste dagane har eg vore på Kirkenes videregående for å leia simuleringa OilSim. Saksa frå notisen eg skreiv der:

God innsats i Oilsim 2008
21. oktober 2008
Den 20. og 21. oktober har tolv elevar frå Kirkenes vidaregåande delteke i OilSim 2008. Dette er ei simulering med fokus på olje- og gassutvinning utvikla av Simprentis. To av laga leda store deler av simuleringa, men vart slått på målstreken.

Elevane fekk 200 millionar dollar til disposisjon og måtte leita seg fram til olje- og gassførekomstar ved hjelp av seismikk og andre undersøkingar. Vidare måtte ein by på lisensar for å få tildelt ei blokk, nokon var meir dyktige i å velja blokker enn andre. Medan andre uheldigvis fekk tildelt tilfeldige område av administratorane. Det vart mange uvante kart og skjema å undersøkja, men laget Oilhunter-Z fekk til slutt 7211% avkastning på deira investeringar. Det holdt til ein sjuande plass blandt alle laga i Nordland og Finnmark og ein god fjerdeplass i Finnmark. Deltakarane på laget Oilhunter-Z var Siri Amundsen, Daniel Paulsen Bye, Andre Jørgensen og Emil Ruud. Elevane jobba intenstivt i to dagar, kun avbrote av to lunsjpausar.
I oppsummeringa vart følgjande sitat snappa opp:
«Det hær må vi spille til neste år og!»
«E det nån fler sånne spill?»
«Artig når en får til og finn olje!».
Meir informasjon om simuleringa finn du på oilsim.no.

Innsatsen og engasjementet har vore stort nesten heile tida. På grunn av menneskelege feil hos leverandøren vart enkelte tildelt område dei ikkje ville ha og stod eigenteleg på bar bakke utan olje, frykteleg synd.
Det var nervepirrande, me hadde lenge to lag blandt topp ti og fram til siste runde leda det eine laget vår. Diverre rauk sigeren i siste runde.

Fagleg utbytte var det innan økonomi, engelsk, naturfag og geografi, men det kan nok svara seg å ha simuleringa tettare knytt til undervising.