Oppdatert: Tilbake frå ITU: sosial web og læring

Noko nytt og ein del gamalt for å oppsummera det heile… Det kjem litt stikkord frå notata i løpet av kort tid. Men søker ein etter tag sosialweb08 så skal ein kunne finna noko…

– Solhjell sin opningstale kan ein sjå her.
Danah Boyd holdt ein god presentasjon med godt innhald.
Andreas Lund kom med ein god del praktiske tips når det gjeld bruk av wiki.
Neil Selwyn kom med ein del interessante tankar om web 2.0, men kanskje den einaste med kritiske tankar om temaet..
Morten Søbye uttalte etterpå noko til slutt om at "dei" (ITU?) kanskje hadde vore litt blenda av web 2.0 hypen. Eg hadde fryktelig lyst til å visa denne nettsida på storskjemen…

Hadde elles gleda av å treffa igjen kjente som Anne Kristin, Pernille og Marianne, helsa på nye som t.d. Ingunn og Anne Cathrine.

Ingunn har skrive et referat frå konferansen her og her, samt tipsa meg om ressursen med heile det periodiske system i videoformat, takk!

Til gjengjeld tipsa eg om "Experiment of the week" med Robert Krampf. Eg brukar Miro for å sjå desse.

På mandag og tirsdag skal eg vera med på gjennomføringa av OilSimvidaregåande, det vert spanande.

Oppdatering:

Det vart snakka om å la elevane få laga profilar med kjente historiske personar på facebook. Kva vegg-til-vegg meldingar ville Einstein hatt? Kva bilete ville Leonardo da Vinci lagt ut? Kven ville vore på vennelista til Michelangelo eller Platon? Denne ideen har eg gått og grubla litt på. Eg vil nødig gjera slikt på facebook eller andre eksterne system, ein kan jo risikera følgjer… Men så finst det jo ein heil del sosial programvare ein fakisk kan bruka, gjerne på eigen server. Makeuseof.com har lagt ut nokre tips om sosiale system ein kan bruka her. I joomla har ein jo community builder, det vurderer eg om eg skal leggje inn på skulen sine nettsider.

Er det nokon som vil vera med og laga opplegg?

2 Replies to “Oppdatert: Tilbake frå ITU: sosial web og læring”

  1. Problemer med norske tegn i denne posten… Vet ikke om det er deg eller meg, men noe er det.

    Ellers fin oppsummering, jeg leser litt rundtomkring i blogger og får i grunnen med meg mye fra ITU!

  2. La inn innlegget frå ny jobbpc med live writer og hadde gløymt å leggje inn utf8 på kodinga. Takk for påminninga.

    Det er praktisk med kollektivt referat ja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *