Tidsavgrensa gratis lisens på ConceptDraw Mindmap

Oppdaga at Lifehacker har eit innlegg der det står korleis ein kan få ein gratis og lovleg versjon av Conceptdraw i dag. Så viss du er interessert i tankekart og litt meir avanserte funksjonar enn det ein finn i t.d. freemind så kan du lasta ned programmet her, fylla inn relevant info her for å få registreringskode og så testa programmet.

Gratis lunsj? Haka er vel at det ikkje er siste versjon av programmet ein får, det er nemleg versjon 5 og ikkje versjon 6. Det kan i alle fall eg leva med. Finn du andre haker så kommenter gjerne.

Les heile artikkelen her.

2 Replies to “Tidsavgrensa gratis lisens på ConceptDraw Mindmap”

  1. Nå er jeg sikkert en ganske enkel bruker av tankekart, men hvilke avanserte funksjoner er det Freemind mangler? Jeg gikk fra Freemind til MindManager (fikk fra skolen), men har nå ikke MindManager lenger, og lurer på om det egentlig har noen hensikt å få den på nyeste pc-en. Hva er det ConceptDraw kan gi?

  2. For enkel bruk så kan nok freemind dekkja ein del. Men eg er vant til mindmanager og bruker dei fleste funksjonane der.
    Det eg saknar mest i freemind er kanskje ein god notatfunksjon, samt eksport til office.
    Eit lite utval av det eg fann i conceptdraw:
    – synkronisering mellom conceptdraw og office
    – notat til emna
    – import og eksport til office
    – eksport til ipod (kanskje nyttig for nokon?)
    – modus for idemyldring (brainstorming)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *