Oppsummering frå OilSim 2008

Dei to siste dagane har eg vore på Kirkenes videregående for å leia simuleringa OilSim. Saksa frå notisen eg skreiv der:

God innsats i Oilsim 2008
21. oktober 2008
Den 20. og 21. oktober har tolv elevar frå Kirkenes vidaregåande delteke i OilSim 2008. Dette er ei simulering med fokus på olje- og gassutvinning utvikla av Simprentis. To av laga leda store deler av simuleringa, men vart slått på målstreken.

Elevane fekk 200 millionar dollar til disposisjon og måtte leita seg fram til olje- og gassførekomstar ved hjelp av seismikk og andre undersøkingar. Vidare måtte ein by på lisensar for å få tildelt ei blokk, nokon var meir dyktige i å velja blokker enn andre. Medan andre uheldigvis fekk tildelt tilfeldige område av administratorane. Det vart mange uvante kart og skjema å undersøkja, men laget Oilhunter-Z fekk til slutt 7211% avkastning på deira investeringar. Det holdt til ein sjuande plass blandt alle laga i Nordland og Finnmark og ein god fjerdeplass i Finnmark. Deltakarane på laget Oilhunter-Z var Siri Amundsen, Daniel Paulsen Bye, Andre Jørgensen og Emil Ruud. Elevane jobba intenstivt i to dagar, kun avbrote av to lunsjpausar.
I oppsummeringa vart følgjande sitat snappa opp:
«Det hær må vi spille til neste år og!»
«E det nån fler sånne spill?»
«Artig når en får til og finn olje!».
Meir informasjon om simuleringa finn du på oilsim.no.

Innsatsen og engasjementet har vore stort nesten heile tida. På grunn av menneskelege feil hos leverandøren vart enkelte tildelt område dei ikkje ville ha og stod eigenteleg på bar bakke utan olje, frykteleg synd.
Det var nervepirrande, me hadde lenge to lag blandt topp ti og fram til siste runde leda det eine laget vår. Diverre rauk sigeren i siste runde.

Fagleg utbytte var det innan økonomi, engelsk, naturfag og geografi, men det kan nok svara seg å ha simuleringa tettare knytt til undervising.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *