Kort oppskrift på å bruka podcasting med iTunes

Laga ein gong ein liten snutt om dette her

Det finst mange gratis språkressursar elevane kan bruka for å øva seg.

Ved hjelp av podcasting (forklaring av konseptet her: http://www.commoncraft.com/podcasting, meir info her http://no.wikipedia.org/wiki/Podkast)

Podcast steg for steg:

1. http://www.apple.com/no/itunes/download/

2. installer programmet itunes (ein kan bruka andre program og)

3. Start programmet itunes

4. I programmet vel du "Podcaster" og så podcastoversikt på venstre side

5. No får du eit utval av podcastar. Nokre er gratis og nokre koster nokre kroner. Finn fram til ein du likar og klikk "Abonner"

6. Etter at du har installert iTunes kan du klikka her for å gå til oversikta over språk-kurs.

Dersom du klikker abonner på noko så vil du få nye episodar til pcen automatisk. Vidare kan ein stilla inn slik at desse automatisk vert kopiert over til ein mediaspelar slik at ein kan høyra det på bussen, båten, flyet eller medan ein trener…

Nokre døme for språkopplæring:

Learn French
French for beginners
Elles er det fleire innan engelsk, italiensk, spansk, japansk, tysk og faktisk norsk.

Sjølv har eg vel hatt mest nytte av photoshop user tv. Tipser elles om Experiment of the week. Eller så kan ein jo sjå korleis Jamie Oliver lagar mat…

Nrk og TVNorge har forresten mykje eigenprodusert materiale gratis tilgjengeleg på itunes. ItunesU kan du utforska og…

2 Replies to “Kort oppskrift på å bruka podcasting med iTunes”

  1. Takk for mange fine lenker, du har god oversikt. Du hart flere realfagslenker, de er jeg interesert i, skal vi prøve å lage en samling i felleskap?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *