Frå blogger til wordpress

Etter den spede oppstart våren 2003 med katastrofale følgjer (som førte til at eg sjekka sikkerhet i systema før installasjon og til at eg må ha eit vedlegg til cv-en min sidan namnet mitt dukkar opp hos symantec og andre når ein googlar og studerer resultata) har eg brukt blogger som ein sentral del i mitt personlege læringsnettverk. Sidan wordpress sannsynlegvis passar meg endå betre måtte eg jo bare testa.

Overgangen var rimeleg enkel.

1. lasta ned wordpress
2. pakka ut lokalt
3. lasta opp til server i mappe blog/
4. testa import frå blogger og får feilmelding, bloggen må liggje på *.blogspot.com
5. «flytter» bloggen til *.blogspot.com
6.  flytter wordpress frå blog/ til blogg/
7. kjører ny import og vert imponert, alle innlegg og kommentarar på plass.
8. Gliser
9. Flytter *.blogspot.com bloggen til ei backupmappe på eige domene. (Tok backup på førehand og sjølvsagt… Relatert moro)
10. Fikser .htaccess slik at alle sider har same adresse som tidlegare (permalink).
11. Endrar feedburner.com slik at RSS-en vert levert som tidlegare med nye innspel.
12. Endrar oppsett på diigo.com slik at lenkene vert publisert som vanleg.
13. Endrar innlysande engelsk tekst i malen slik at ein del vert på nynorsk, heile kjem snart
14. Fortsetjer testing av tillegg og malar for å gjera mitt PLN endå betre.

Dersom du bruker blogger i dag og vil over til wordpress på *.wordpress.com trur eg du berre treng å gjera nr. 4 på lista (utan feilmelding sjølvsagt).

Sjølv om malen indikerer at eg har ein iPhone på skrivebordet, så held eg meg inntil vidare til SE W810i, men håper sjølvsagt på noko anna etter kvart.

Eg reknar med at det haroppstått noko krøll på vegen og oppfordrar deg til å ta kontakt via twitter, msn, facebook, e-post, sms, brev, kort, kommentar eller F2F/A2A dersom du oppdagar noko som ikkje er slik det bør vere, eller ikkje finn noko du er på jakt etter.

Vel overstått jul og nytt godt år til de lesarar.

3 Replies to “Frå blogger til wordpress”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *