Seven things you don’t need to know… about me!

Det straffar seg å følgja med, men uansett:

1. Har vakse opp på ei øy med 21 fastbuande, nærare bestemt på Byre i Ryfylke.

2. Har vunne VM i stafett i orientering (Me snakkar sjølvsagt om vestlandsmesterskapet…)

3. Har vore leigesoldat/grenader i Grense Jakobselv saman med Vegard U. Ylvisåker /Ylvis.

4.  Har ein svigerbestefar med 21 gull i veteran VM i hopp!

5. Har ei farmor med gmail, bærbar pc, linux og fiber!

6. Har vakse opp på gard som eldstemann i søskenflokken og kan melka, ta i mot kalvar, grisungar, forhausta, osb…

7.  Har forlova meg på toppen av Sankt Peterskyrkja og gifta meg i Las Vegas….

Og så skal sjølvsagt dette sendast vidare….

Ingunn,  Kjell, Leif, Marita, Ole, June og Lillian er herved tagga!

Kontakt og interaksjon viktigst

Forskning.no: Professor Hattie har brukt femten år på studien, som rangerer 138 aspekter ved undervisning, og har funnet ut at kontakt og interaksjon mellom lærere og elever er den aller viktigste faktoren.

Elevene må kunne forklare hvilket nivå de ligger på. De må vite både hva de kan og hva de ikke kan, og kunne formidle dette til læreren sin.

Det å la lærerrollen gå på rundgang blant elevene og det at lærerne går gjennom undervisningen i slutten av timen er også svært viktige faktorer, skriver Hattie.

Forskning.no skriv om Professor John Hattie som har samla over 800 metaanalysar knytt til skulelevar si måloppnåing i løpet av 15 år. Kontakt og interaksjon er nokre av dei viktigaste faktorane. Det første som slår meg er jo at dette kan vera enklare med IKT. Er du tilgjengeleg for elevane via e-post, msn, gtalk, twitter, lms osb?

Sjølv trur eg at større medvit på vurderingskriterier (gjerne utvikla saman med elevane) og rammene rundt læringa kan vere nokre suksessfaktorar.

Heile artikkelen kan du lesa på forskning.no

Heile undersøkinga er publisert her.

Bokmerke denne veka (weekly)

Posted from Diigo. The rest of my favorite links are here.

Digi.no: Blar opp for digitale ferdigheter i skolen

Digi.no melder at Microsoft, Cisco og Intel vil utvikla ein global standard for måling av IT-kunnskap.

Desse tre skal vere med å sponsa eit forskningsnettverk som vil finna nye g betre metodar for læring og evaluering av skulelevar. Selskapa skal knyta saman ulike utdanningsleiarar og forskarar som skal arbeida med dette:

  • Mer presist definere hvilke ferdigheter som er nødvendige i det 21. århundre.
  • Overføre disse til målbare læringsmetoder, og utvikle nødvendige verktøy.
  • Utvikle læremiljøer som tar i bruk informasjonsteknologi.
  • Spre kunnskapen over hele verden.

Arbeidet skal leiast av Professor Barry McGaw frå universitetet i Melbourne.

Bra at desse tre sponsar og legg til rette for slik forskning og at forskningsresultata skal gjerast fritt tilgjengeleg. Forskninga kan rett nok føra til Teaching for Testing, men me får håpa det vert mykje anna matnyttig.  Spennande!

Vidare lesnad:

Seattle Times
Anoop Gupta

Skolefagundersøkelsen 2008: Lærerens faglige og metodiske prioriteringer i egen utvikling

Høgskulen Stord Haugesund kjører for tida ei spørjeundersøking for å

få fram læreres erfaringer og synspunkter på faglige prioriteringer og undervisningsmetoder i sentrale skolefag.

I spørjeskjemaet finn ein spørsmål om

– Dine arbeidsoppgaver og bakgrunn
– Din vektlegging av undervisningens mål
– Dine valg av undervisningsformer
– Dine synspunkter på bruk av IKT

Undersøkinga er open til 10. februar og du kan vere med og gi ditt bidrag her:
http://ans.hsh.no/lu/inf/ect/Informasjonsside/

WordPress på eigen server med OpenId

Nokre har kanskje merka at ikonet føre kommentarane mine rundt om har forandra seg, det heng saman med at eg har lagt inn OpenId her på bloggen. Kort fortalt gjer OpenId at eg kan bli identifisert på andre bloggar og nettsider. Tidlegare brukte eg Blogger for å stadfesta identiteten min.

Slik kan det gjerast:

1. Oppretter brukarkonto på http://www.myopenid.com/
2. Knytter guttorm.hveem.no/blogg/ til myopenid.com
3. Legg inn kode i malen på wordpress

<link rel=»openid.server» href=»http://www.myopenid.com/server» />
<link rel=»openid.delegate» href=»http://guttorm.myopenid.com/» />

Rimeleg enkelt og veldig praktisk.

Site Persona Last Signin Approvals
https://www.blogger.com/ Guttorm 8 minutes ago 4
http://www.blogger.com/ Guttorm 13 minutes ago 1