Praktisk verktøy: Ketarin

Har testa Ketarin i dag og ser at eg vil spara ein del tid ved å bruka dette programmet.

Kort fortalt har eg ei verktøykasse på USB-disken med diverse program for fiksing, sjekking osb. Der har eg lasta ned program som 7-zip, autoruns, google earth, flash osb. slik at dei er klare til installering. Med jamne mellomrom oppdaterer eg installasjonsfilene. Det slepp eg no!

I Ketarin har eg no valgt ein del program som skal oppdaterast automagisk. Det vil seie at dei nyaste installasjonsfilene vert lagt inn der av seg sjølv (så lenge eg kjører Ketarin med jamne mellomrom).

Og så kan ein sjølvsagt dela fila med oversikt over programma

via Lifehacker

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *