Norske skolejenter får Microsofts surfebord

PC-bordet Microsoft Surface skal lokke jenter til IT og realfag, og Norge får det først av alle. (digi.no)

Dette kan vere eit godt tiltak for å få fleire jenter til IKT og realfag. Eg er jo spent på resultata av dette.

Jentene er plukket ut av lærerne for bli med å beskrive hvordan teknologi kan brukes i undervisningen. De 14 niendeklassejentene får innføring i spillkonsollet XBox, nettjenesten Windows Live og multimediabordet Surface. (digi.no)

Førebels er Microft Surface for kostbart til skular, men etter kvart vert det nok færre smartboars og meir av denne teknologien.

Ny artikkel:  Digi.no: Ser muligheter med surfebordet

No og automagisk på fleire språk!

Har no lagt inn støtte for maskinell oversetjing til kjende og meir framande språk i bloggen. Eg er litt skeptisk til å la tankar og idear liggja ute på fransk og spansk sidan eg ikkje forstår noko særleg av det. Engelsk og tysk oversetjing vert litt merkeleg. Men det skuldast kanskje at eg skriv nynorsk og det er vel eigentleg ikkje støtte for det i «translatøren».

Dersom du oppdagar noko som er riv ruskande gale er det jo fint om du gir beskjed.

Praktisk verktøy: Ketarin

Har testa Ketarin i dag og ser at eg vil spara ein del tid ved å bruka dette programmet.

Kort fortalt har eg ei verktøykasse på USB-disken med diverse program for fiksing, sjekking osb. Der har eg lasta ned program som 7-zip, autoruns, google earth, flash osb. slik at dei er klare til installering. Med jamne mellomrom oppdaterer eg installasjonsfilene. Det slepp eg no!

I Ketarin har eg no valgt ein del program som skal oppdaterast automagisk. Det vil seie at dei nyaste installasjonsfilene vert lagt inn der av seg sjølv (så lenge eg kjører Ketarin med jamne mellomrom).

Og så kan ein sjølvsagt dela fila med oversikt over programma

via Lifehacker