mellom linjene: Administrator på egen skole-pc

Einar Berg skriv om problemstillinga med om ein skal la elevane vera lokal administrator eller ikkje på skule-pc. I innlegget og diskusjonen finn ein fleire gode argument og synspunkt.

Tja, er det beste svaret eg kan gi. Elevane treng ikkje nødvendigvis å ha administratorrettar, men systemet skal vere rimeleg bra administrert for å få ting til å gå smertefritt.

Potensielle argument:
– Det tek kun kort tid å «ordna seg» slik at ein brått vert lokal administrator. Enkelt er det og.

– Det finst mange måtar å ta over kontrollen på pcen, det finst til og med ein del forumtrådar som tek for seg korleis ein skal gjera slikt på skule-pcen sin.

– Eit godt administrert system har autooppdatering av programvarepakkar, slik at elevane automagisk får siste flashplayer, java-versjon osb.

– I eit godt administrert system har eleven mulighet til sjølv å velje mellom ferdige (tilleggs)pakkar med programvare han eller ho vil installera.

– I eit godt administrert system kan ein bestilla ferdige pakkar/installasjon av programvare raskt og enkelt.

– Elevar som verkeleg er dyktige på pcen kan få dispensasjon til å vere lokal administrator.

– Ein kan bruka dual-boot, slik at eleven har ein versjon der eleven har full rett til å installera (men kjem kanskje berre inn på gjestenettet/eit offentleg nettverk), og ein versjon der eleven ikkje er administrator, men får tilgang til server/elevnettet). Er usikker på om dette har noko føre seg.

I Finnmark fylkeskommune har me eit system som gjer at IT-avdelinga kan utvikla pakkar og distribuera dei automatisk, til ein brukar, til bestemte klassar eller til alle elevar/lærarar. Elevar og lærarar kan og velje å installere tilleggspakkar (t.d. vlc, itunes, google sketchup, samisk språkstøtte osb.) utan at dei treng vere administrator. Ein kan melde inn program ein vil ha installert og då om dette skal distribuerast til ein eller mange.

For info om system/programvare ta kontakt.

(via mellom linjene)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *