WordPress på iphone

p-640-480-64e4d6f8-3c5e-44c7-8546-4bafdc569034.jpegTestar no wordpress-app på iphone. Viss denne posten kjem på lufta så virker det greit… Det frister kanskje ikkje å skriva dei lengre postane i eit så lite vindauge (sjeldent her på bloggen uansett). Slenger med eit bilete som viser temperaturen for å testa den funksjonen og.

Bokmerke denne veka (weekly)

Posted from Diigo. The rest of my favorite links are here.

Bugsearch

Har hatt ein irriterande feil på bloggen, den gjer at ein ofte får beskjed om at sida ikkje kan visast i internet explorer 7 (Kan ikke åpne søkesiden). Eg har deaktivert dei fleste innstikk (plugins) og bytta tema, men trur ikkje eg er i mål no.

Fint om du legg igjen litt info om kva du opplever. Og kom gjerne med tips…

Oppdatert: Lurer på om det  var «lightbox»-saken som laga problem. Trur ting skal verke no.

Digitalt kompetent? Klart du kan!

Mange er kanskje i tvil om dei tør eller kan bruka digitale verktøy i læringa, grunngjevinga er ofte at ein føler at ein ikkje kan verktøyet/tenesta godt nok.

«Eg kan ikkje slike datagreier» eller «Elevane kan så mykje meir..» er to utsegn eg reknar med at fleire av lesarane her på bloggen har høyrt frå lærarar tidlegare.

Det gjer ikkje noko! Pleier eg å svara, grunngjevinga kjem her.

  • Du som fagperson og lærar veit kva temaet (Ibsen, ww2…) handlar om.
  • Du veit kriteria for eit godt innhald, ei god besvaring, ein god prosess.
  • Du veit kva du vil at elevane skal oppnå gjennom arbeidet/læringa/prosessen.

Elevane bør bli intodusert med mål og ikkje minst kjenneteikn på kvalitet, gjerne vurderingskriterier og. Om du i tillegg har «sjekklister»  for å hjelpa elevane på vegen gjer du elevane sjansen til å lykkast. Du gir elevane fritt spelerom til å bestemma korleis dei vil visa deg at dei har oppnådd måla. Om dei vel dipity, moviemaker, powerpoint, tekstdokument, flash, føredrag eller liknande treng ein ikkje leggja seg opp i.

Elevane kjenner no alle rammene rundt prosessen/aktiviteten/arbeidet og kan no bruka vurderingskriterier, sjekklister og andre hjelpemiddel for å vurdera seg sjølv og kvarandre. Du som lærar kan bruka elevane sine vurderingar og reflektera saman med elevane over arbeidet og korleis dette heng saman med mål, kjenneteikn på kvalitet osb. Eg trur og at du som lærar kjenner igjen kvalitet uansett format.

Elevane får jobba aktivt med eiga læring, dei veit kva mål dei arbeider mot, dei veit korleis dei vert vurdert og tenkjer nok over si eiga læring på ein litt anna måte enn det dei kanskje er vant til. Du kan sjølvsagt involvera elevane i utvikling av mål, kjenneteikn og vurderingskriterier der det passar.

Du som lærar må bestemma rammene rundt prosessen, men la gjerne elevane bruka verktøy du ikkje kan, har høyrt om eller synest er relevante (Nokre elevar går kanskje på ein smell…).

Kva trur du? Kommentarfeltet er opent!

Bokmerke denne veka (weekly)

Posted from Diigo. The rest of my favorite links are here.