Bokmerke denne veka (weekly)

Posted from Diigo. The rest of my favorite links are here.

HSH.no: Studerer digital mobbing

Student Jorunn Teigen Sætre frå Kvinnherad har skrive masteroppgåve om digital mobbing i ungdomsskulen, og sett nærare på korleis mobbeoffer, medelev og lærar opplever problemet.
Fredag 13. mars legg ho fram oppgåva si på HSH.

Sms og chat

Når det gjeld omfanget av digital mobbing, viser Teigen Sætre sine data at vel 15 prosent av elevane blir utsette for ei eller anna form for digital mobbing, og at mobbinga skjer både via telefonoppringing, sms, chat og anna nettkommunikasjon.
Undersøkinga hennar viser vidare at meir enn dobbelt så mange jenter som gutar seier at dei har vore utsette for digital mobbing.

Andre opplevingar
I Teigen Sætre sin analyse går det vidare fram at dei som vert utsette for mobbing opplever hjelpetiltaka i skulen på ein heilt annan måte enn lærarane. Det som kanskje er det mest oppsiktsvekkande funnet her er at 48 prosent av dei som vert utsette for mobbing seier at læraren «nesten aldri» hjelper i samband med digitale mobbesituasjonar.

Ulike tiltak
Det er også tankevekkande at lærarane og dei som vert utsette for mobbing ser ulikt på kva tiltak som bør setjast i verk. Der lærarane helst ønskjer å snakke om mobbing meir generelt, ønskjer dei som vert utsette for mobbinga i større grad at mobbaren skal konfronterast med handlinga si og at åtferda hans eller hennes også skal drøftas i klassen. (via hsh.no)

Samandraget og mastergradsoppgåva vert publisert her etter kvart.

Det hjelp å skriva eller skribla…

Å hugsa er ikkje alltid like lett, men det finst nokre hjelpemiddel for å huska betre. Kor mange er det eigentleg som skriv ned noko når dei er på konferanse, møte, undervising osb? Sjølv må eg skriva for å hugsa, det held kanskje med stikkord, men skrivinga må til. Eg hugsar ting eg skriv på ein lapp eller i eit tankekart, sjølv om eg aldri ser på det eg skreiv igjen. (Nok ein grunn til å reflektera/blogga…)

…Very enjoyable. Very edifying. A good learning experience, I felt.
But then, as the plane was landing – a mere 15 minutes or so after I had stopped watching the presentations – I came to a disturbing realization: I had only the vaguest memory of what was covered in each lecture… (Mission to learn)

Mission to learn har nokre refleksjonar her.

Forskning.no skriv og om forsking som viser at det ikkje er så dumt å skribla ned noko når ein skal følgja med på noko anna.

Det er kanskje ikkje så lett å skribla på pcen, det er jo så mykje anna som freistar, men det er ikkje dumt å lukka slikt som twitter, msn, e-post og slikt…

Har du elevar som skriblar i timane?  Gjer du noko med det? Er du ein skriblar?