den lærande og IKT


Image by Getty Images via Daylife

Johan Lundin har nokre gode poeng i blogginnlegget «IT är inte ett nödvändigt ont».
Han skriv om ein student som berre dukka opp på dei obligatoriske førelesingane og elles studerte på varmare breiddegrader. Dette kunne ein ikkje merka på resultata. Lundin skriv vidare om korleis studentane brukte versjonskontroll for oppgåver, digital delt kalender og at dei brukte nettbaserte møteløysingar.

Med dette i bakhovudet kan ein ta den lærande sitt perspektiv. Mykje av fokuset rundt IKT i skulen i dag er kanskje på skulen og lærarane sine forutsetningar. Bør me kanskje tenkja meir på kva dei lærande brukar? Nokon vel å bruka nettby for å organisera aktivitetar, skal me då la dei gjera det, skal me nekta dei, eller skal me kanskje visa dei betre/alternative løysingar? Zimbra Desktop Edition kan vere eit godt verktøy for lærande. Sjølv brukte me msn og irc for å analysera mellomkrigsromanar saman med elevar frå ein annan skule (Krav). Gruppene fekk sjølv velje kva verktøy dei ville bruka for å diskutera (Dette var før skype/gtalk og andre videoløysingar…). På masterstudiet IKT i læring brukte me videokonferanse for å samarbeida med medstudentane som var spreidd over heile landet.

Det er ein god ide å visa elevar korleis ein kan bruka IKT på ein god måte. Treng de ein samarbeidsplattform? Har du kikka på elgg, ning, zimbra, zoho, google docs? Kanskje secondbrain er ein ypperlig stad å samla informasjonsbitane og for å samarbeida?
Wiki kan brukast både til oppgåveskriving og for å organisera.

Det heile handlar kanskje om kva du som lærar legg til rette for. Skal du styra heile prosessen og leggja alle premissa, eller skal du styra mål og vurderingskriterier?

Dette passar sjølvsagt ikkje i alle samanhengar, men kanskje mest når det er snakk om problembasert læring, prosjekt og liknande.

Nettfaget – informasjonskompetanse

I dag har det pågått ein liten diskusjon på twitter mellom elevar og lærarar på twitter om eit «fag» førebels under stikkord #nettfaget. Mykje handlar om informasjonskompetanse og kjeldebruk.

Eg har no oppretta ei side på wikien til del og bruk der ein kan koma med innspel til innhald. Bør dette kanskje vere tverrfagleg og ein del av norskfaget? Eller skal det vere eige kurs? Studieteknikk er og eit viktig element som kanskje passar inn. Studieteknikk med PC er kanskje ikkje heilt likt studieteknikk utan?

Emnet høyrer kanskje mest til den digitale kompetansen i dei ulike faga. Eg trur det kan vere lurt med eit innføringskurs i oppstartsvekene der m.a. IKT-kyndige lærarar/elevar og ikkje minst bibliotekarar kan spela ei sentral rolle.

Du er herved utfordra til å leggja igjen synspunkt i kommentarfeltet og til å bidra på wikien.

Dubestemmer.no: NY UNDERVISNINGPAKKE FOR DE FRA 9-13

Teknologirådet, Datatilsynet og Utdanningsdirektoratet håper at undervisningsopplegget vil legge til rette for dialog mellom barn, foreldre og skole slik at overvåkning blir unødvendig. (digi.no)

Dubestemmer.no har no lagt ut innhald tilpassa aldersgruppa 9-13.

  • Er det greit at foreldre sjekker internettloggen og mobilmeldingene til barnet sitt?
  • Tøff bak tastaturet? Om mobbing på nett og mobil.
  • Skal 10-åringer kunne legge ut utfordrende bilder av seg selv på nett?

Litt av innhaldet:

  • Hvordan vil DU bli sett?
  • Var det du som sendte den dritkjipe meldingen?
  • Ble du forelska i lillebroren din?
  • Skrev du stil om den hesten der???
  • Det er mange som ser DEG
  • Det handler om RESPEKT
  • Hvem snakker du med – EGENTLIG?
  • HVEM skal bestemme?
  • Hvem kan du STOLE på?
  • Lar DU deg lure?
  • Litt KJEDELIG men nyttig informasjon for FORESATTE

Klassesett kan du bestilla her.

Videoane og døma eignar seg godt som inspirasjon og utgangspunkt for diskusjon om nettvett og nettbruk.

Digi har omtale av pakken her.

Du kan lesa meir om temaet hos t.d. Aftenposten

NRK.no: Kunnskapsministeren mener skolene bør kunne straffe elever som bruker for mye tid på Facebook og lignende i skoletiden.

NTB/NRK/VG har i dag hatt ein del tabloide overskrifter… VG Nett har kommentert på bloggen til Solhjell, Teknisk Beta har kommentert det heile her.

Solhjell seier det slik (du finn opptaket her):

Må sette klare grenser
– Vi må få elevene til å forstå at vi må sette klare grenser for bruk av Facebook i skolen og ha sanksjoner. Men det skal være lokal handlingsfrihet. Den enkelte skole og lærer må avgjøre.

Kva gjer du når eleven gjer noko heilt anna enn det han eigentleg skal gjera? Gir beskjed/ kastar han ut / oppfordrer han til å gå ut? Ein kan/kan ikkje kasta ut elevar.

Mange elevar er ikkje vant til å bruka IKT for å læra, dei er meir vant med å bruka det til underhaldning og kommunikasjon. Heldigvis er det ein del oppegåande elevar og, sjå t.d. her, her eller her.

Facebook kan vere eit ypparleg verktøy for læring sjå berre her, her eller her.

Eg meiner dette handlar meir om klasseleiing og pedagogikk.

Det er vel det Solhjell og meiner?

Oppdatert:

Solhjell presiserer i sitt blogginnlegg:

“Det skal vere opp til den lokale handlefriheten. Det er neppe (riktig) å forby, men å sørge for det samme som ellers. Sette klare grenser, ha klare regler, få elever til å forstå og vere med på dei, ha sanksjonar når dei blir brutt”

Med andre ord, noko heilt anna. I grunn det stikk motsatte av den siste overskrifta! Fascinerande. Det hadde vore interessant å høyre kva nokre av dokke som var i salen oppfatta at eg sa?

Interne lenker:

Facebook gir dårligere karakterer,

Klart du kan

Eksterne lenker:

http://www.vg.no/nyheter/innenriks/elevavisen/artikkel.php?artid=542613

http://www.aftenposten.no/meninger/article3047568.ece

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/hordaland/1.6584447

Dei gode døma

Ein kan følgje konferansen dei gode dømahttp://media.hfk.no – under live .
Opptaka av fellessesjonane skal etter planen dukka opp her etter kvart, men det kan sjå ut som om det er eit teknisk problem som gjer at ein ikkje klarar å spela av videoane (Finner ikke filen). Lenkene under verkar i videolan/vlc.

Torsdag:

Fredag

Oppfordring bruk #deigoded som stikkord/hashtag når du skriv frå konferansen, både på twitter og på blogg…

Her kan du sjå kva folk kvitrar om under konferansen:
[iframe http://search.twitter.com/search?q=deigoded 600 800]

Alternativt: http://search.twitter.com/search?q=deigoded

Nettvett og hacking

Skal du diskutera nettvett og IKT med elevar kan det vere ein god ide å kikka på videoen dagbladet har lagt ut.

Her er det rett nok ein ekspert som gjennomfører hacking på rundt ti sekund, men eg er ikkje i tvil om at det finst mange ungdomar som er i stand til å gjere nokolunde det same.

Men kva tenkjer elevane om dette?

I artikkelen finn du og mange tips til korleis du kan sikra pcen din litt betre.