Ferdige malar til skulebruk

Det ligg mykje godt materiale tilgjengeleg for skulebruk. I dag kom eg over denne:

Teachers Printables.

Her kan ein finna ferdige malar for t.d. dagsplanar, undervisingsplanar, fråversregistrering, foreldrekontakt, gangetabellar og meir. Ein kan lasta ned ein og ein gratis eller betala for å lasta ned alt innhald. Ein kan velje om ein vil ha PDF eller DOC-versjonen slik at ein kan omsetja dei til norsk.

Bokmerke denne veka (weekly)

Posted from Diigo. The rest of my favorite links are here.

Digitale testar

Digitale testar i LMS kan vere eit smart element i vurderingsarbeid. Ein kan laga spørsmålsbankar der ein trekk ut 50 av 100 spørsmål tilfeldig, har tidspress og sjølvrettande oppgåver. Ein kan sjølvsagt la elevane samarbeida om å laga spørsmål frå pensum og så kan læraren leggje inn desse i ”banken”. It’s learning har laga eit hefte der du kan få mange andre tips

I tillegg har Svend Andreas laga ein flott tipsserie om digitale testargood question.

Bokmerke denne veka (weekly)

Posted from Diigo. The rest of my favorite links are here.

ITUMonitor 2009

ITU har i dag publisert ITUMonitor 2009 der dei går gjennom trendar og tilstand i skulen.

ITU har lagt ut video frå pressekonferansen, ein finn igjen pressemeldinga hos Computerworld, NRK, VG og Teknisk Ukeblad.

Kunnskapsdepartementet svarar og fortel kva dei ynskjer å satsa på her.

Øystein Johannesen har oppsummert hovudfunn her.

Eva har skrive referat og oppsummert spørjerunden til slutt. Hans Christian bloggar her. Marian har nokre refleksjonar som kanskje ikkje er direkte samanheng med lanseringa.

Oppdatert: Marcel (i Aschehoug) har og skrive sine tankar her. Tommy Engen her.

Heile rapporten kan ein lesa hos ITU i tillegg kan ein finna ein del på twitter med søkeord #itumonitor.

Og for moro skuld kan du sjå om du og klarar elleve rette på testen til NRK.no

Eg vil tru at vidaregåande kjem til å ha endå høgare bruk og sannsynlegvis meir kompetanse etter kvart som dei vert vane med NDLA og stadig fleire digitale læremiddel. Men me kan ikkje berre satsa på å bruka IKT til lesing og skriving. Prosjektstyring, simulering, animasjon, samansette tekstar er nokre stikkord ein kan ha i bakhovudet. Men for å få til slikt må ein ha kompetente lærarar, og for å få til ei satsing på IKT i læring må dei som styrer og legg premissane og vera kompetente. Eg er spent på kva det nasjonale senteret for IKT i utdanning kan leggje til rette for.

Det dukkar heilt sikkert opp ein del i bloggane og på http://delogbruk.no snart.

Alt saman skal lesast og fordøyast, men nokre av oss har ferie litt til…

Post nummer 400 forresten!

Bokmerke denne veka (weekly)

  • tags: MAC, Programvare

  • Om endringane i opplæringslova

    tags: k06, l06, kunnskapsløftet, læring

    • Retten til vurdering inneber både ein rett til undervegsvurdering og sluttvurdering og ein rett til
      dokumentasjon av opplæringa
    •   Formålet med vurdering i fag er å fremje læring undervegs og uttrykkje kompetansen til eleven, lærlingen og
      lærekandidaten undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faget. Vurderinga skal gi god tilbakemelding og rettleiing til elevane, lærlingane og
      lærekandidatane.

             Undervegsvurdering skal brukast som ein reiskap i læreprosessen, som grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at
      eleven, lærlingen eller lærekandidaten aukar kompetansen sin i fag.

             Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til eleven, lærlingen og lærekandidaten ved avslutninga av
      opplæringa i faget.

             Formålet med vurdering i orden og i åtferd er å bidra i sosialiseringsprosessen til eleven, skape eit godt
      psykososialt miljø og gi informasjon om eleven sin orden og åtferd.

    • skal ikkje føresetnadene til den enkelte, fråvær, eller forhold knytte til ordenen og åtferda til
      eleven, lærlingen eller lærekandidaten trekkjast inn
    • skal så langt råd er, skaffe tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere kompetansen til eleven,
      lærling og lærekandidaten, slik at retten eleven, lærlingen og lærekandidaten har
    • Eleven, lærlingen eller lærekandidaten skal møte til og delta aktivt i opplæringa slik at læraren eller
      instruktøren får grunnlag for å vurdere eleven, lærlingen eller lærekandidaten sin kompetanse i faget. Stort fråvær, manglande deltaking i planlagde
      vurderingssituasjonar eller andre særlege grunnar kan føre til at grunnlaget for halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter manglar.
    • Eleven, lærlingen og lærekandidaten har rett til jamleg dialog med kontaktlæraren eller instruktøren om sin utvikling
      i lys av opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa i læreplanverket.
    • Undervegsvurdering skal brukast som ein reiskap i læreprosessen, som grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at
      eleven, lærlingen og lærekandidaten aukar kompetansen sin i fag, jf. § 3-2. Undervegsvurderinga skal gis løpande og systematisk og kan vere både munnleg og
      skriftleg.

             Undervegsvurderinga skal innehalde grunngitt informasjon om kompetansen til eleven, lærlingen og lærekandidaten og
      skal givast som meldingar med sikte på fagleg utvikling.

    • minst ein gong kvart halvår rett ti
    • elevar med individuell opplæringsplan skal både ha undervegsvurdering og rettleiing i samsvar med
      den opplæringsplanen som er utarbeidd for dei
    • Eigenvurderinga til eleven, lærlingen og lærekandidaten er ein del av undervegsvurderinga. Eleven, lærlingen og
      lærekandidaten skal delta aktivt i vurderinga av eige arbeid, eigen kompetanse og eiga fagleg utvikling,
    • I vidaregåande opplæring skal halvårsvurdering gjennomførast midt i opplæringsperioden på kvart årstrinn. I
      fellesfag, jf. § 3-45, skal elevane også ha halvårsvurdering med karakter på slutten av opplæringsåret dersom faget ikkje blir avslutta, jf. læreplanverket.
    • Det skal kunne dokumenterast at undervegsvurdering er gitt,

Posted from Diigo. The rest of my favorite links are here.