Digitale læringsressurser – opphavsrett og andre juridiske utfordringer

Digitale læringsressurser – opphavsrett og andre juridiske utfordringer er eit omfattande og vanskeleg tema. På konferansesidene til Delrett finst det no opptak og presentasjonar tilgjengeleg på deira nettsider. I tillegg kan ein få med seg kommentarar og innspel på twitter under #delrett, på http://hashtags.no/t/?tag=delrett finn du i tillegg lenker som vart kvitra undervegs. Sist, men ikkje minst, finst det eit kollektivt referat på http://etherpad.com/delrett. Day 106 - I am a librarian

Digital kompetanse og delingskultur

Digital kompetanse og IKT (eller IT/EDB) er eit vanskeleg tema. Handlar det om ferdigheiter (altså ting ein kan gjera i t.d. word) eller kunnskap om korleis ting fungerer (t.d. wikipedia, web 2.0, eller korleis ein søker, finn, vurderer og bruker informasjon)? Eller kva handlar det eigentleg om? Og korleis skal elevar og lærarar i skulen koma skikkeleg i gong med dette temaet?

Ein kan lokka med at ting kan ta mindre tid og verte meir effektivisert (LMS, Markin), at ein får meir inspirasjon og idear (bloggar, del og bruk, twitter), eller fordi det er gøy (for å dra vidare Trond Viggo sine tankar på del og bruk-konferansen…).

Henning Fjørtoft fekk fram eit godt poeng då han kursa oss i vurderingskriterier i vår. Kvar gong nokon føreslo eit mål rakk han opp handa og spurte kva han skulle gjera. Ikkje dumt. Korleis kan ein konkretisera og koma vidare?

Eg trur ein berre må hiva seg i det, finna inspirasjon på fleire av bloggane til pedagogane og sjå kor langt ein kjem. Alt kan ikkje brukast, men mykje kanFlickr Meet #3 - Nottingham. Og i den samanhengen har m.a. Albertine Aaberget lagt ut ein strålande presentasjon, ho har og lagt ut lenker til nokre andre det kan vere lurt å kikka gjennom.

Delingskultur kan ein få til dersom ein gir, deltek, kjem med forslag, roser andre, og lenker/refererer til andre. (Albertine Aaberget, slide 57). Og det trengst fleire stemmer, så langt er det vel unge menn som har hatt definisjonsmakta på internett (Petter B. B, slide 15).

Petter B.B. skriv og  «Det handlar om kva du kan dela og ikkje minst om kva andre kan dela med deg.» samstundes kan ein ha i bakhovudet at læring ofte skjer i kontakt med andre, men ein treng ikkje nødvendigvis møtast fysisk.

(Dette vart berre halvferdige tankar, del gjerne dine i kommentarfeltet.)

Informasjon og kunnskap

Me har tilgang til ufattelege mengder informasjon gjennom teknologi og ikkje minst nettverk. Dersom ein skal halda seg heilt oppdatert må ein vel klikka på alle lenkene på twitter eller facebook og lesa alle elementa i RSS-lesaren dagleg. Eg trur stadig fleire opplever det Margreta treffande kallar «lenkestress» og føler at ein ikkje strekk til. Ein må utvikla personlege filter for å koma seg gjennom informasjonsjungelen, ein må prioritera. Kva er det naudsynt å lesa? Kva hadde det vore fint om ein hadde hatt tid til å lesa? Kva kan ein eigentleg klara seg utan? (Skru gjerne på Øystein Sunde sin song «Kjekt å ha» no)

Kunnskap og informasjon er ikkje det same. Kva gjer ein med informasjonen ein har tilgjengeleg? Mange går nok laus på søkemotorane med ein gong, men kva med å stoppa opp litt og tenkja seg om, slik at ein kan reflektera litt over kva ein ynskjer å oppnå gjennom søkinga. Kva informasjon/kunnskap har ein allereie? Kva informasjon treng ein for å arbeida vidare? Og korleis forandrar ein informasjonen til kunnskap? Korleis klarar elevane det? Finn dei relevant informasjon utanom dei fem til ti første treffa i søka? Leitar dei etter det? Brukar dei fleire søkekjelder?

PEGGY ORENSTEIN i NYT har skrive ein interessant artikkel om søking og om å bli distrahert og tipsar i tillegg om MacFreedom, eit program som kan hjelpa deg litt med sjølvdisiplinen dersom du har ein Mac.

For å oppsummera med hennar ord:
«the promise is of infinite knowledge, but what’s delivered is infinite information, and the two are hardly the same.»

Eg trur det er fleire som treng trening i å arbeida utan tilgang til internett i periodar. Og det er lov å merka alt som lest, og å ikkje følgja med på alt til ei kvar tid… (mhm, eg har vore innom ein del nettsider sidan eg starta på dette innlegget…)

Funfact: Søkjer du på «Information Overload» i google scolar får du ca 273 000 treff…

Bokmerke denne veka (weekly)

Posted from Diigo. The rest of my favorite links are here.

Samansett tekst/mashup: Konflikthistorie

Visualisering og framstilling av data er eit felt IKT kan ha stor nytte. Kartet eg vil presentera i dag er sett saman av fleire element. Det er ei tidslinje med informasjon over mange konfliktar i verda  der ein kan sjå kvar konfliktane er, ein kan få opp informasjon frå konfliktane frå Wikipedia. Ein kan t.d. velje ein tidsperiode frå 1931 til 1942, vidare er konfliktområda merka av med raudt og ein får opp ei liste med konfliktar. Ein kan så velje å klikka på ein konflikt i lista eller på kartet for å finna ut meir om denne konflikten. Og i undervisinga kan ein jo då spørje om elevane kan finna eit område eller ein stad der det har vore konfliktar i fleire hundre år, og vidare, kvifor?

http://www.conflicthistory.comBesøk http://www.conflicthistory.com for å sjå

http://www.conflicthistory.com

Her er det mange innfallsvinklar!

Via: http://www.freetech4teachers.com/2009/10/conflict-history-conflict-timeline-on.html