Informasjon og kunnskap

Me har tilgang til ufattelege mengder informasjon gjennom teknologi og ikkje minst nettverk. Dersom ein skal halda seg heilt oppdatert må ein vel klikka på alle lenkene på twitter eller facebook og lesa alle elementa i RSS-lesaren dagleg. Eg trur stadig fleire opplever det Margreta treffande kallar «lenkestress» og føler at ein ikkje strekk til. Ein må utvikla personlege filter for å koma seg gjennom informasjonsjungelen, ein må prioritera. Kva er det naudsynt å lesa? Kva hadde det vore fint om ein hadde hatt tid til å lesa? Kva kan ein eigentleg klara seg utan? (Skru gjerne på Øystein Sunde sin song «Kjekt å ha» no)

Kunnskap og informasjon er ikkje det same. Kva gjer ein med informasjonen ein har tilgjengeleg? Mange går nok laus på søkemotorane med ein gong, men kva med å stoppa opp litt og tenkja seg om, slik at ein kan reflektera litt over kva ein ynskjer å oppnå gjennom søkinga. Kva informasjon/kunnskap har ein allereie? Kva informasjon treng ein for å arbeida vidare? Og korleis forandrar ein informasjonen til kunnskap? Korleis klarar elevane det? Finn dei relevant informasjon utanom dei fem til ti første treffa i søka? Leitar dei etter det? Brukar dei fleire søkekjelder?

PEGGY ORENSTEIN i NYT har skrive ein interessant artikkel om søking og om å bli distrahert og tipsar i tillegg om MacFreedom, eit program som kan hjelpa deg litt med sjølvdisiplinen dersom du har ein Mac.

For å oppsummera med hennar ord:
«the promise is of infinite knowledge, but what’s delivered is infinite information, and the two are hardly the same.»

Eg trur det er fleire som treng trening i å arbeida utan tilgang til internett i periodar. Og det er lov å merka alt som lest, og å ikkje følgja med på alt til ei kvar tid… (mhm, eg har vore innom ein del nettsider sidan eg starta på dette innlegget…)

Funfact: Søkjer du på «Information Overload» i google scolar får du ca 273 000 treff…

6 Replies to “Informasjon og kunnskap”

  1. Viktig. Å skille mellom vesentlig og uvesentlig er kanskje en undervurdert kompetanse. Vurderer å hive RSS på båsen – jeg føler at den gjør meg til en passiv samlende, ikke en aktiv lærende.

  2. Interessant å se at også drevne PC-brukere rammes av «overflow»-syndromet. Forrige uka overhørte min mann 3 16-åringer i baksetet på vei til fotballtreninga snakke om hvor dumt det var at de ikke hadde bok i geografifaget fordi de ble så lett distrahert av PC’ene. Ikke lett å være sin egen disiplinsjef, nei. Selv har jeg hatt stor glede av å innrette meg med en igoogle-konto i det siste, med NetVibes som en mulighet når jeg av og til har tid til et dypdykk. Men Twitterkontoen min fikk jeg ikke til å funke der.

  3. Har vært inne på akkurat de samme tankene i det siste… 🙂 Først og fremst måtte jeg lære meg selv at jeg behøver ikke lese hver eneste tweet som kommer opp – det var vanskelig!

    Prøver nå å utvikle noen personlige filter-teknikker som jeg kan overføre til elevene: hvordan finner man nyttig informasjon blant alt det morsome som er der ute.

    1. Filtrering på twitter kan du gjera i t.d. tweetdeck. Lag grupper
      og inkluder berre dei viktigaste folka der. Så flytter du den gruppa/straumen heilt til venstre og deretter den vanlege straumen eit par hakk mot høgre. Eg bruker edu som ei gruppe og IT/media som ei anna. Alternativt kan ein rydda i listene med jamne mellomrom. Slikt treng nok elevane trening i og…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *