Dei gode lærarane – kva gjer dei?

Nokre lærarar er skikkelig gode, dei får elevane til å yta sitt beste og til å læra seg utruleg mykje. Kva gjer dei for å få til dette? Korleis underviser dei? Kva skjer i klasserommet? Kva spørsmål stiller dei?

I artikkelen What Makes a Great Teacher? finn ein nokre konkrete tips:

Great teachers, … constantly reevaluate what they are doing.
Superstar teachers had four other tendencies in common:
– they avidly recruited students and their families into the process;
– they maintained focus, ensuring that everything they did contributed to student learning;
– they planned exhaustively and purposefully—for the next day or the year ahead—by working backward from the desired outcome; and
– they worked relentlessly, refusing to surrender to the combined menaces of poverty, bureaucracy, and budgetary shortfalls.

I tillegg kan ein finna desse tipsa:
Smart arbeid, ikkje hardt arbeid.
Finst det betre metodar? Kan me læra oss temaet på ein betre måte?

Eg gjer – me gjer – du gjer (demo, øving, praksis).
Gjennomgang av lærar, øving i plenum, øving aleine.

Rutinar og forventningar. Rutinane er øvd inn og ting skjer av seg sjølv. Dette gjeld t.d. oppstart av dag, oppstart av time, skifte av aktivitet, lesing osb. I tillegg: felles forventningar til kva som skal skje under aktivitetar eller situasjonar.

Gruppearbeid med konkrete arbeidsoppdrag og gruppeleiar.

Håndsignal, t.d eige håndsignal for å spør om å gå på do.

Aktivitetar og spel med fokus på tema/læring.

«Exit slip» – oppsummering? Problembasert læring/oppgåve for å oppsummera/avslutta timen.

for fleire tips, les artikkel (3 sider) og sjå video her: http://www.theatlantic.com/doc/201001/good-teaching

(via http://twitter.com/_x_t_)

One Reply to “Dei gode lærarane – kva gjer dei?”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *