NKUL10 – i etterkant

Konferansar og referat er ferskvare, refleksjonar tek litt lengre tid…

Videoar frå konferansen er tilgjengeleg her og i itunes Uwide open sea

Det eg tenkjer på i etterkant av NKUL-konferansen er

– Diagnostisering, litt medisin, lite behandling.
Me veit nokolunde kva diagnosen er, me veit ein del av medisinen, med ikkje heilt korleis behandlinga skal gå føre seg. I det tilfellet trur eg at «Dei gode døma» er meir konkret og praktisk. Eg har trua på mindtools og å læra med datamaskinar, ikkje av.

– Sosialkonstruktivisme
Kan nok vera eit viktig prinsipp ein må bruka, det passar jo og med kunnskapsløftet. Det handlar kort fortalt om å arbeida saman med andre for å læra. Læring skjer då der meiningar og folk møtes, uansett om det er digitalt eller i klasserommet.

– ælæring (eg-læring).
Ein lærer slik ein likar best og når ein vil. Kva vert konsekvensen av det? Vil ikkje det forandra premissa og deler av oppdraget til skulen i dag? Det heilskaplege mennesket, det sosialt utvikla, å vera saman med andre. Blir me ekspertar på kvart vårt nes? Vil det resultera i isolert og fragmentert forståing? Klarar ein å sjå samanhengar mellom historie og samfunnsfag, eller i norskfaget for den del? (Kanskje det er det læraren skal gjera?) Kven kjem til å velja å fordjupa seg i Ibsen? Eller nynorsk? Kanskje det berre er deler av metodane som skal forandrast, ikkje kunnskapsløftet? Eksamen? Digitale mapper?

Det er mykje som er kult og fascinerande med IKT, men det er nokre felt skulen bør fokusera på:

  • Produksjon (Touch, skriveverktøy, samansett tekst, mestring…)
  • Informasjon (å finna, vurdera, tolka, bruka, rekontruera, sjå/visa samanhengar, personvern, personleg identitetsforvaltning)
  • Samarbeid (Korleis samarbeidar ein? Kven samarbeider ein med? Korleis få tak i riktig person til riktig tema? PLN)
  • Kompleksitet (Ja til fleire komplekse og samansette oppgåver! Der ein må bruka det som står ovanfor i praksis. Korte tidsfristar, krav, dokumentasjon og vurdering/refleksjon)

Eg er ikkje heilt ferdig med å tenkja på dette enda og held på med eit prosjekt eg trur er i rett gate, men meir om det seinare. Her har eg nemleg hoppa frå bryggja  utan å vera heilt sikker på om eg treng redningsvest eller båt…

Andre oppsummeringar (eit lite knippe):

http://plinius.wordpress.com/2010/05/07/p-9010/
http://bjornhelge.blogspot.com/2010/05/post-nkul.html
http://margreta.wordpress.com/2010/05/08/her-er-sa-underlig/
Moldeklev har samla det meste her: http://moldeklev.wordpress.com/2010/05/08/nkul-2010/

i tillegg har Niels ein god del her: http://www.pageflakes.com/niels.damgaard/25813214

Det viktigaste var kanskje å møta eit nettverk og mange dyktige folk frå mitt PLN. Takk for å få helsa på dykk på ordentleg og!

7 Replies to “NKUL10 – i etterkant”

  1. @ghveem eg er samd med deg i at det er utruleg viktig å få fram gode , enkle og gjennomførbare IKT prosjekt for gj. Snittslæraren

  2. Tilbakeping: P 93/10 « Plinius
  3. Jeg er enig med deg i at refleksjonen tar mer tid Guttorm, og jeg synes du har reflektert bra her.
    Jeg synes også at nettverkingen kanskje er det som setter mest spor. Gøy å møte mange som er i samme situasjon som en selv.
    Takk for en hyggelig konferanse folks!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *