ISTE 2010

I år har eg vore så heldig å få oppleva deler av ISTE, ei av dei største messene knytt til IKT i læring. Starten på ferien vart ekstra spanande når Anders Bjerkholt frå Moava hadde billettar til overs slik at eg kunne få med meg utstillinga. Det tok vel fire-fem timar berre å traska gjennom utstillinga. Og svært kort oppsummert så er det mykje fint utstyr ein kan få kjøpt. Ein heil del potensielt gode nettløysingar og. Men hjelp det med masse fint utstyr? Tja, kanskje dersom alt verkar og læraren kan utnytta potensialet på ein god pedagogisk måte. Men det var mykje kult utstyr eg fint klarar meg utan og. Mentometerknappar var det mange variantar av, den beste var kanskje «minitavlene» der elevane skreiv med blyant og viste læraren.

Ein anna observasjon var eit dokumentkamera med tilhøyrande retteprogram. Ein la altså ark med elevane sine avkryssongar (fleirvalsoppgåver) under kameraet og fekk opp ferdig retta/oppsummert prøve på skjermen. Kvifor ikkje gjera alt på pc?

Vidare såg eg ei potensielt god løysing til språkundervising, her var det ferdig docking til ein haug med ipodar, slik at ein enkelt kunne gi gjera klar eit klassesett med lydspor og innspelingar. Køen framfor Google Apps Education var lengst. Edmodo og Edugeek.net var og på plass.

Og ja, eg fekk fylla ut registreringskortet heilt på eiga hand…

No vert det sannsynlegvis ganske stille her til eit stykke ute i august, du får ha ein riktig god sommar!

Posted via email from ghveem

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *