Mappa-mi.no

Eg har jobba ei stund eit verktøy for digitale mapper og karriereveildening. I morgon skal dette presenterast for mellom anna UDir, men du kan jo få smugkikka her Mappa mi og så kan du sjølvsagt kikka innom mappa-mi.no.
I notata mine står det mellom anna at dette er ei system som har fokus på den lærande. Ein samlar informasjon, reflekterer og dokumenterer i bloggar (så mange du vil), legg inn presentasjonar, oppgåver, videoar (last opp eller hentar direkte frå youtube). Ein kan melda seg inn nokre grupper frivillig, medan andre grupper berre er for klassen. Treng ein hjelp frå ein professor, ei tante eller vil visa fram til medelevar, føresette eller ein potensiell arbeidsgivar kan ein gjera med eit eller to klikk (ein kan bestemma datoar dei kan få sjå og). Ein kan senda inn presentasjonssider til læraren. Då vert sida låst inntil læraren gir kommentar og eventuelt frigjer sida for vidare arbeid.
Ganske spanande, men mykje teknisk arbeid (CSS, PHP, oversetting, administrering).

Nevnte eg at løysinga støtter feide og kan jobba saman med Moodle (då under namnet mahoodle)?

2 Replies to “Mappa-mi.no”

  1. Mahara kan vere eit LMS om ein ynskjer det, men det er basert på mappemetodikk med produsenten/eleven i fokus. Dersom ein vil bruka det som LMS må ein bruka gruppene som base (tilsvarande fag/rom i LMS). Mahara kan koblast med moodle (Mahoodle) dersom ein ønskjer det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *