Føredrag: MK-nettverk om web 2.0

I går var eg så heldig at eg fekk halda eit lite føredrag om web 2.0, eit par smarte verktøy og litt om personlege læringsnettverk for rundt 70 MK-lærarar og andre i Tønsberg. Slike bestillingar på føredrag vert det fleire og fleire av og då er eg glad for at eg kan bruka elluminate/learncentral.org. Det gjer at reisetida vert 10 minutt (kobling og administrering) i staden for fly og anna. Den tekniske løysinga krev litt trening og tilpassing. Mellom anna kan det vere smart å gjera slik at mikrofonen ikkje står på når høgtalarane er på. Dialogbasert undervising er og litt vanskeleg sidan det forsvinn nokre sekund mellom sendar og mottakar.

Uansett, presentasjonen er lagt ut som nettsider og som PDF med stikkord. Undervegs i presentasjonen fekk deltakarane oppgåver gjennom google skjema, ei ypperlig løysing der eg kunne sjå svara med ein gong.

Takk til Tom/@tom_knudsen, John Eivind/@johneivind007 og Rune/@bitjungle for innspel og tips.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *