Lag enkle læringsressursar med wallwisher

I går skreiv eg litt om Khan Academy som har laga ein fantastisk læringsressurs for å drilla, testa og læra matematikk. Dei har veldig mykje anna spanande og, men det er kanskje ikkje så smart å gi elevane beskjed om å surfa innom nettsida for å læra seg matematikk. Det er ofte lurt å strukturera litt for elevane. «Les side X, besvar oppgåve Y, samarbeid med naboen om oppgåve Z og bruk nettside Q som støtte.
Det finst mange måtar å gjera slikt på, men eg vel å fortelja om desse:

Eg bruker t.d. mindmanager for å laga planar for timar. Då bruker eg den innebygde nettlesaren («browser» heilt nede til høgre for å surfa til t.d. www.ndla.no. Så klikker eg meg fram til sidene eg vil elevane skal lesa og klikker så «Add to topic». Då får eg ei liste med nettsider som skal besøkast og denne lista kan eg så dela med elevane som eit interaktivt kart i pdf, som nettsider eller som enkeltside i vårt LMS. Elevane treng ikke mindmanager.

Eg bruker http://exelearning.org/ for å laga sider (og inkluderer ei side på ndla.no lett), deretter eksport til nettsider eller til IMS/læringspakkar i LMS.

Men så, tilbake til Khan academy. Korleis skal eg få til noko slikt?

Eg har testa og funne ut at http://Wallwisher.com ikkje kan gjera det same, men det er brukande likevel.
Dobbeltklikk for å laga ein boks, skriv inn tekst og legg inn lenke til ressurs. Elevane kan svara ved å dobbeltklikka og så skriva tekst og/eller lenka til noko. Og du som lærar kan sjølvsagt velje å moderera svara. Eller ein kan henta inn svara i eit eksternt skjema i t.d. google docs. Du treng ikkje kursing for å ta i bruk wallwisher, det er rimeleg intuitivt.

Test gjerne http://www.wallwisher.com/wall/ghveem og gi gjerne kommentarar direkte på dømet og i kommentarfeltet her.

Posted via email from ghveem

5 Replies to “Lag enkle læringsressursar med wallwisher”

  1. @ghveem @bitjungle @sikfisker @oddsens Wallwisher var gøy! Lagde familieside og sendte beskjed til ungene mine rundt i verden. Jobben neste.

  2. Det er flott at du legger ut så mange tips til programvare vi kan prøve ut, Guttorm. Men det blir mye moro og leik, og lite tid til systematikk. Men jeg samler som Askeladden.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *