Tid for rollebyte – bt.no

Verdas fremste forskarar, rikfolk og regjeringar kappast for tida om å finne svaret. Motivasjonen er enkel og kraftfull: Dyktige lærarar er den viktigaste faktoren som påverkar resultatet i skulen. Eit kjapt søk på nettet viser at Australia er på sporet: Deira forsking viser at

dei dyktigaste lærarane er meir fleksible i undervisninga og opptekne av eleven sitt behov. Dei brukar mindre tid på detaljerte planer, og skapar miljø der det er lov å prøve og feile. Sjølv konservative britar har tatt eit oppgjer med tjue års detaljstyring, og vil ha meir sjølvstendige lærarar.

Ein professor oppfordra attpåtil lærarane til å drive «kreativ undergraving»av nasjonale strategiar.

via bt.no

Siri Lill Mannes har gode synspunkt på kva dei gode lærarane gjer.
Du må ha relasjonar til elevane dine, du må undervisa så klart at alle forstår, men likevel engasjera. Og sist, men ikkje minst: karakterar treng ein ikkje snakka om, dei er vel mest for å samanlikna med andre? Er ikkje målet å konkurrera med seg sjølv? Bli betre? Forstå meir? Visa at ein meistrar?

Posted via email from ghveem

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *