Svada, bullshitbingo og nokre undervisingstips

Svulstige og merkverdige setningar les ein rett som det er. Det finst til og med generatorar for slikt. Svadageneratoren er eit ypperlig døme som kan gi deg setningar som:

I og med en proaktiv effekt konkretiseres tilstedeværelsen innenfor rammen av beskaffenheten.

Er du norsklærar kan du sjølvsagt analysera setningen med elevane og sjå om ein klarar å bli einige om kva det eigentleg står der. Ein kan og finna ut korleis dette kan bli til klart språk gjennom desse råda og ikkje minst testa setningen i «lesbarhetsberegneren«. Setningen med den proaktive effekten har ein lesbarhetsindeks er 54. Det betyr at den regnes som vanskelig, vanlig verdi for tekster fra det offentlige. Bloggen min er heldigvis litt lettare å lesa med lesbarhetsindeks på 32. Det betyr at den regnes som lettlest, skjønnlitteratur, ukeblader.

Lesbarhetsberegneren kan ein og bruka til å samanlikna artiklar som handlar om det same på ap.no, vg.no og klartale.no. Er det forskjellar? Kvifor? Kven er målgruppa?

Eit strategisk tiltak mot slikt er å spela bullshitbingo saman med andre kollegaer eller medelevar. Den som blir utsett for bullshitbingo pleier ikkje å få vita det på førehand, men her er ein vri som gjer det litt meir interessant å bruka det i undervisinga.

Når timen startar går du sjølvsagt gjennom (kompetanse)måla for timen og så kan du enten generera eit ark til bullshitbingo på førehand (klikk på rutene for å endra). Eller du kan be elevane fylla inn ord dei trur til temaet handlar om. Vidare kan du halda eit føredrag, ein presentasjon, eller rett og slett la elevane sjølv lesa eit tekst eller eit kapittel. Den første som klarar å kryssa ut orda vannrett, loddrett eller på skrå kan reisa seg og ropa Bull Shit
eller Newton, fotosyntese, barokken eller noko anna passande de har avtalt på førehand.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *