Føredrag: #NETTVETT i forsvaret

Tekst: Guttorm Hveem, Guttorm@Hveem.no. CC-BY-NC.
For Garnisonen i Sør-Varanger. mai, 2012

Manus og stikkord frå sesjon om nettvett i sosiale medier for soldatar, befal og offiserar ved Garnisonen i Sør-Varanger. Deler av teksten er fjerna forhåpentlegvis grunna godt nettvett… Eg legg det ut her og håpar du kan bruka noko av det, og eventuelt gi tilbakemeldingar og forlag til forbetringar.

Eg ynskjer ikkje å leggje ut døma eg brukte for soldatane offentlig her. Men om du er frykteleg interessert så ta kontakt.

Feit skrift = tekst på ljosark. Resten er stikkord/manus og refleksjonsspørsmål til tilhøyrane. Kursiv tekst var ikkje med på føredraget, men er eit forsøk på å gi litt meir konkretisering til deg som lesar.

—————-

1337?

De kan garantert ganske mykje om sosiale medier, men eg håper de skal få noko å tenkje på i denne økta.
Målet er at fleire av dykk tenkjer gjennom kva de publiserer og kva spor de legg igjen etter dykk.

Aller først ei lita kartlegging:
Rekk opp handa om du bruker:

facebook
twitter
blogg
instagram
nettby (før det vart lagt ned)
Kor mange har lest bloggen til Voe? Enn Fotballfrue?
Kor mange veit kva IRC er?
Kontrollspørsmål: BBS (oppringt ftp…)

 

SEND?
Publiser, del, legg ut?
Nokre av fleire ord eg håper de kjem til å tenkje litt meir på.I lomma har dei fleste av dykk eit kraftig verktøy.
Mobilen har sannsynlegvis kamera og kan skapa problem for dykk.
Kan eg ta eit bilete av dykk no og publisera det på instagram, facebook eller andre stader?
Bør eg gjere det?
Kva tid bør du ikkje ta bilete?
Kva tid bør du ikkje publisera?
Kva spor vil du leggje igjen etter deg?
Kva vil du at ein framtidig arbeidsgivar skal finna om deg?
Kva vil du at ein framtidig kjæreste skal finna om deg?
Ungar?
Barnebarn?
Banken?
Forsikringsselskapet?

(U)KULTUR
«ungdommar nå til dags» er sannsynlig vis like ille som «ungdommar nå til dags» på 1960-talet.
Men ein av dei store forskjellane er at du kan nå utruleg fleire personar akkurat no enn det
dine besteforeldre kunne.
Viss du skulle gitt ein beskjed til 500 mennesker, kor lang tid hadde det tatt å senda/dela den beskjeden? Ca 4 minutt?
Kor lang tid hadde det tatt å gi ein liten beskjed til 500 mennesker i 1960? Korleis kunne du gjort det.
Kva må til før nokon reagerer? (Paradise hotel? Big Brother?)
Kor drøyt må det vere?
Vel, mange satsar på beinhard sarkasme og ironi. Det ser ein tydeleg i sosiale media.
Ein annan ting ein kanskje høyrer: ingen bilete = har ikkje skjedd.
Me har heldigvis selektiv hukommelse.
Kva hugser du frå den første øvelsen?
Eg gjetter ein del ikkje hugser at dei synest sekken var ekstremt tung. Er ikkje den like tung no?
Internett har diverre eller heldigvis evig hukommelse.
Spesielle og/eller ekstreme ting dukkar garantert opp igjen seinare.
Kanskje når det passar deg minst…
Men har du bæsja på leggen, og nokon har bilete av det, så forvent at det dukkar opp før eller seinare.
Men meir om det seinare.

DELER DU?

Har du stålkontroll på kva du deler med andre?
Kven er forresten dei «andre»?
Personverninnstillingar på facebook kjenner dei fleste til. Venners venner, nettverk og så vidare. Men er det tilfeldig at Facebook forandrar innstillingar med jamne mellomrom? Er ikkje dei interessert i at du deler mest mulig med flest mulig?
Men kven kan eigentleg få tilgang til det du har posta?
Facebook «og deira venner» har sjølvsagt tilgang til alt.
(Facebook bruker forresten 30-80 dagar på å sletta biletet du har klikka slett på…)
Instagram der ein kan dela bilete vart kjøpt opp for ein milliard av Facebook. Kvifor?
Kva skjer med bileta dine der no då?
Facebook vart nettopp børsnotert, trur du det kjem til å forandra noko?
Viss tenesta er gratis er DU produktet! Dei som leverer tenesta tener altså pengar på at du bruker den. Korleis? Reklame? Informasjon til annonsørar?
Og din brukarkonto er sannsynlegvis verdt ca 680,- for Facebook.
For ein spammer er den verdt nokre få kroner. (Deler lenker i ditt namn…)
Google og andre gjer stadig forbetringar på t.d. ansiktsgjenkjenning.
Face.com har spesialisert seg på akkurat det.
Etter kvart skjer det ganske automatisk.
Lyst til å prøva? Stikk innom google seinare, søk på namnet ditt, velg bildesøk og sjå ganske langt nede til venstre…
Så viss nokon tek bilete av deg på byen eller stranda, kanskje tilfeldig at du står i bakgrunnen, og legg det ut ein stad.
Trur du google kjem til å finna ut at det er deg?
Kor mange stader ligg biletet på internett? TinEye finn kopiar..
Kven la ut det biletet?
Kjenner du personen?
Kan du få det fjerna?

(http://www.teknofil.no/artikler/du-er-verd-660-kroner-pa-facebook/109376)

(RE)SHARE/(RE)MI
Eg treng nok ikkje seie meir om facebook, men kan godt seie noko om twitter.
På twitter har du to val: alt opent, eller alt lukka (du må godkjenna følgjarar).
Gløymer ein av og til at det ikkje bare er kjentfolk som les?
Heilt sikkert.
Det ligg litt i kulturen til web 2.0: del og bruk. Her kunne eg vist star wars kid, kutiman og mange andre remixar. Men eg reknar med at de allereie har sett den og mange andre remixar.
Ting ein legg ut kan med andre ord bli brukt i andre samanhengar enn det du tenkte.
Kanskje i ein heilt usannsynleg samanheng.
Kanskje det ikkje kan fjernast eller slettast?
Kanskje på eit føredrag på GSV.
Kanskje det kan få konsekvensar?

Men remix altså…
Eg har grubla litt på om eg skulle bruka dette, men sidan det ligg ofentleg på twitter og alle kan finna det så fann eg ut at det må vere i orden. Det er jo lagt ut på internett slik at alle kan sjå.
Dei siste vekene har eg fått meir innblikk i liva til nokre av soldatane på GSV.
Det veit dei sannsynlegvis ikkje noko om.
Eg har tatt ein nesten tilfeldig utval.
Filtrert, sett saman.
De treng ikkje peika på dei om dei sit i salen… Men nokon kan sikkert finna ut kven dei er om dei vil.

(Her er det eigentleg mange døme på kva enkelte har posta på instagram og twitter…)

Eg nevnte vel litt om sjangeren tidlegare. Beinhard sarkasme og ganske ekstremt.
Er ikkje eit av måla til GSV å ha eit godt forhold til dei lokale?
Er det noko straffbart i det dei skriv og postar?
Det er vel kanskje ein del av denne typen prat på kaserna?
Eg lurer på om han ikkje er sikkerhetsklarert og på grensa.
Korleis går det med eit opptak til utanlandsteneste med slike sitat?
Ingenting straffbart her?
Heilt greit bilete eller?
Det liknar jo på eit kontor eller vaktrom på ein grensestasjon.
Det heng heilt sikkert kanskje ikkje noko sensitiv informasjon på veggen der.
Og kva står det på permane forresten?
Her trur eg jammen me har forfattaren.
Men, han er ikkje ålene.
Eg har bare kikka på to, eller det vil seie, eg bruker bare to her.
Men det er jo mange frå GSV som dukkar opp på radaren i sosiale medier.
Bloggar, youtube, instagram, osb.
Denne karen skriv namnet sitt på profilen. Han deler og ein del om seg sjølv.

Action i Pasvik: Eit hus brann ned. Heldigvis ingen omkomne.
Er det lurt å spøka med slikt?

NETTVETT?
viser døma eg har plukka ut god nettvett?
Tja. Dei har lagt det ut med vilje i alle fall. Kanskje noko slapp gjennom promillefilteret.
Men er det slikt ein bør rapportera frå forsvaret?
Er det slikt desse karane vil at andre skal finna om dei?
Kva med andre som vert involvert utan at dei ynskjer det?
Kva med bilete av andre?
Sovebilete er vel greit?
Ganske uskyldig?
Ein person det er verdt å halda seg inne med er han som bestiller flybilettar.
Bør ein publisera og dela bilete av andre?
Kan det få konsekvensar ein ikkje har tenkt på?
Definitivt, det er mange historier å ta av, eg tenkte eg skulle dela ei lokal frå GSV og Kirkenes.
Våren 2009, ein ofser og ein soldat.
Våren kjem seint her, men så eksploderer naturen.
Kanskje desse to vart ekstra våryre.
Uansett, dei fann ein stad mellom senteret og kimek.
Tilfeldigvis vart dei oppdaga av ein lokal kar.
Han sendte filmen til venner, som sendte vidare osb…
Mandagen etterpå fekk sjef for GSV sjå filmen.
Til slutt havna saken i avisa og på GSV.
Offiseren var befal på grensa og måtte gå på dagen.
Synd å mista jobben og lønna på den måten?
Var det verdt det? Kanskje der og då?
Eg veit ikkje kva konsekvensar det fekk for jenta, men eg gjetter at det kanskje ikkje så kult å på oppstillinga på mandagen etterpå.
Han som filma? Gjorde han noko ulovleg før han sendte filmen vidare?
Latteren og stemmen avslørte han i alle fall og han måtte innom politiet.
www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=576246

NAMN OG (F)RYKTE?
(Her er det eit forferdelig bilete av ein fyr du ikkje vil møta…)
Ok, illustrasjonsbilde. Det gjer litt vondt i sjela å bruka dette i ein presentasjon.
Men i 2022 – om ti år.
Kva bilete finst det av deg på nettet då?
Har du fortsatt dei same gode vennene? Du har ikkje fått nokon uvener på den tida?
Som har teke bilete av deg?
Kva bilete kan du sletta?
Kva bilete kan du ikkje sletta?
Er det sikkert at Facebook har samme rutinar for sletting då?
Men det er altså lurt å tenka seg om.

BILDE AV VENN

Litt hjelp på vegen:
For eksempel om du tar eit bilete av ein venn
Klikker du publiser eller send med ein gong eller tenkjer du?

GODT BILDE?
Er det eigentleg eit godt bilete?
viss ja

ER VENNEN DIN EINIG?
Trur du vennen din er einig
viss ja

KAN DET FÅ VENNEN DIN I TRØBBEL?
hm, vanskeleg.
viss nei

BLIR DET DRAMA?
tja.
viss nei

DELT VIDARE?
Du hugsar at det kan bli delt vidare og at andre kan t.d. photoshoppa det?
Og at det kan havna på trykk i ei avis, på reddit eller andre stader?
Likevel greit?

BESTEMOR OK?
Viktig, og kanskje enklast?
viss ho tåler å sjå det…

GREIT OM EITT ÅR?
greit for vennen din og deg om eitt år?
Det får ikkje konsekvensar for søknadar til politi? telemarkbataljon? befalsskule? sikkerhetsklarering? arbeidsgivar? ny kjæreste?
viss ja

OK
Då kan du sannsynlegvis publisera det.
Og hugsa på at det sannsynlegvis aldri blir heilt sletta.
For akkurat nå står det ganske mange tusen maskinar og tråler nettet. Archive.org er ein av dei. Dei tek vare på nettsider. Faktisk rundt 85 milliardar nettsider. Dei lagrer alt – for alltid. Du kan faktisk gå inn og sjå korleis vg såg ut i går, eller i forrige veke, eller korleis det såg ut i 1996. Eller du kan sjekka korleis bloggen din såg ut i går før du sletta den posten du angra på at du skreiv. Og før du rakk å sletta det bildet du veit…

Google gjer akkurat det same. Dei tek kopi av av det dei finn på nettet. Og du kan sjå korleis ei nettside såg ut i går, eller sist gong google var innom. Kan me sletta noko dei har tatt vare på? Då må ofte politiet hjelpa til. Dette er jo ikkje norske selskap og dei treng ikkje følgja norsk lov…

Huskeregel: Det som blir lagt ut ligg der for alltid, sjølv om det bare er på spøk…
Og då må du tenka på kva du vil barnebarna dine skal finna om deg om 40 år. Kva kjæresten din om skal finna ut om deg om 10 år. Og kva sjefen i firmaet skal finna ut om deg når du søker ny jobb…

For det skjer allereie no. Dersom du søker jobb kan du vera rimeleg sikker på at du blir googla, og at det blir sjekka kva du har lagt ut på facebook, twitter og andre stader.

Kva om du ikkje får akkurat den jobben du ønsker deg fordi du har lagt ut ein haug med festbilder og fordi du egentlig skulker jobben. Gløymer du kven som kan sjå det du legg ut?

No har eg snakka lite om hacking og facerape og anna i den gata.
Er det nokon som ikkje har kode på telefonen?
(Her låner eg ein telefon av ein tilhøyrar og spør om dei har noko farleg eller sensitivt på den. Nei – er standardsvaret. Og då føreslår eg at eg kan senda 10-15 SMS til nokre av kontaktane på lista. Eller rett til mamma. Kan det laga trøbbel? Er det sannsynleg at dei trur på at det var ein rar fyr frå Kirkenes som skreiv den meldinga?)

Nokon som har opplevd at andre har posta i deira namn? Eg er rimeleg sikker på at nokon her kjenner til både wireshark, cain & abel, nmap og andre verktøy i den gata.

Men slik kan og få konsekvensar, til og med i Kirkenes.
Tre elevar vart ferska med dei verktøya og hadde loggar som viste til karaktersystemet.
Dei blei bare politianmeldt og utvist.

FACERAPE
= fengsel?
Sjølv om det bare er på tull kan det få konsekvensar..
Ein svensk 15 åring fant ut det.
I Sverige blir slikt straffa som ei form for datainnbrot og dagbøter eller fengsel opp til to år.
http://mobil.aftenposten.no/nyheter/uriks/Svensk-15-aring-anmeldt-for-facerape-6837990.html

SOSIALE MEDIER
Eg har snakka mest om dykkar rolle i sosiale medier.
Men det er ein viktig ting me ikkje har fokusert på, som me kanskje må snakka litt om.

LYTTER?
Tidlegare fekk me beskjed om å vere forsiktig på telefonen på grensestasjonen.
Nokre fekk kassettar i posten og dimiterte etterpå…
Kven lytter?
Kven lytter og les?
Bare venner?
Mja, det er mange nettsider og organisasjonar som overvåker og lytter.
Eit enkelt døme er at avisene trykker ting dei finn på twitter.
Får du ta med deg telefonen inn i det gule bygget ved helikopterhangaren?
Enn i det store bygget ved sida av Korpfjell grensestasjon?
Kvifor ikkje?
Krysspeiling, informasjonstilgang og så vidare.
Grenseboerbeviset vart tatt i bruk i går, men betyr det at det ikkje er etterretning mellom Noreg og Russland?
Og kvifor var det så mange amerikanarar på flya til Kirkenes og Vadsø?
Det er jo færre amerikanarar no som ein lett kan overvåka med satelitt, fly, og ikkje minst internett.

SOSIAL HACKING
Dette har nok nokon snakka med dåke på GSV.
Kva skal ein seie til kven?
Kanskje lettare å kontrollera tidlegare. For kven kan overvåka dine direktemeldingar til venner?
Kva land går det meste av internettrafikken frå Noreg gjennom?
Sverige? Gjeld norske lovar for personvern der? Går det gjennom andre land og?
Har t.d. CIA og FBI og sjølvsagt andre og kontroll på facebook?
Kan dei lesa det dei vil?
Kva ord trur du dei overvåker automatisk?
Kva skjer om du bruker orda b*mbe, namnet på amerikanske presidenten og så vidare på
twitter?
Kva skjer når du søker om innreiseløyve?

Som fører oss til neste eksperiment.
SMS er jo ganske trygt?
Det står jo kven som har sendt meldinga?
Men er det mulig å forfalska SMS? Og av sendar?
Eg veit ikkje heilt. Skal me prøva?

(Denne var litt skumlare enn det du kan få prøva no, men du som les kan altså testa. Poenget er at ein kan velje kva avsendar ein vil når ein sender SMS frå ulike tenester…)

SMS
GHVEEM
TIL 03686

Kan alle ta fram mobilen no?
Skriv ein SMS med GHVEEM og namnet ditt og send til telefon 0 36 86.
Ganske uskyldig?
Får de svar?

KVEN?
FSB?
CIA?
Eg?

Svaret som dukkar opp, med sentralbordet til GSV som avsendar.
Kven sendte du til?
Kva informasjon gav du frå deg?
Kven svarte?
Kunne det stått eit anna nummer der?
Kva om nokon hadde hengt opp ein typisk plakat med «send kodeord til 1234 for å vinna».
Kva informasjon samlar dei inn då? Kven som er på GSV?

Oppsummering
Kva vil du at ein framtidig arbeidsgivar skal finna om deg?
Kva vil du at ein framtidig kjæreste skal finna om deg?
Ungar?
Barnebarn?
Banken?
Forsikringsselskapet?

Ver greie å tenk gjennom ein gong til kva du publiserer.

Spørsmål?

Takk for meg.

 

Ein annan presentasjon, retta mot VGS.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *