På gjensyn @KirkenesVGS, hallo @ndla_no #ndla.

Etter fire år som IKT-pedagog og lærar ved Kirkenes vidaregåande vender familien no nasen sørover. Det betyr ny jobb.

Eg gleder meg til å ta fatt hos Nasjonal digital læringsarena (NDLA) der eg skal jobba med brukerkontakt og -dialog i fleire kanalar, m.a. i sosiale medier, og utvikla strategiar, rutinar og prioriteringar i samband med dette. I tillegg blir det nok ein del idemakeri og konkretisering av utviklingsprosjekt. Stillingsinstruksen er ikkje heilt spikra enda, men spanande blir det.

Kontorstad blir ikkje så langt frå heimen, eg har alliert meg med ein rektor og får disponera kontor på Øyatun ungdomsskule mot kursing og opplæring innan IKT i læring.

Eg håpar på å få hyppige tilbake- og framovermeldingar frå IKT-pedagogar, eKoordinatorar, lærarar og andre som brenn for IKT i læring. Ros og konkrete tiltak er sjølvsagt kjekkast, men ein må vel få litt ris og av og til?

Sidan stillingsinstruksen ikkje er heilt klar er det jo lov å koma med innspel og ynskjer til den i kommentarfeltet.

8 Replies to “På gjensyn @KirkenesVGS, hallo @ndla_no #ndla.”

  1. Gratulerer Guttorm.Spennende! Eg meiner det er naturleg at stillingsinstruksen seier noko konkret om hyppige besøk til Odda!! Velkomen.
    Sven Olaf Brekke
    Rektor Odda ungdomsskole.

  2. Gratulerer så mykje med ny jobb, min ven! Så spennande! Aller best er det no likevel at du snart kjem på hyppige besøk på Nordahl Grieg vgs.  Ja, for det ser du vel som ein heilt naturleg del av jobben? :))

  3. Gratulerer – sees sikkert til høsten i ndla-sammenheng.. God tur sørover – motsatt veg av trekkfuglene ;-).

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *