Fagleg oppdatering? Ti råd for å komma i gang med twitter. #ndla #nkul

1: Skriv noko på profilen din!
Kven er du? Kva er du interessert i? Kva driv du med? Last opp eit bilete! Blogger du?Legg inn ei lenke! Eg vil gjerne vite noko om deg før eg vel å følgje deg.

2: Hopp i det!
Det blir litt som ungdomsskulen, sjå på «dei kule». Bli med i diskusjonen, det er berre å hoppa inn kva tid som helst. Har du prøvd noko nytt i klasserommet? Har du laga eit god opplegg? Erfart noko andre kan ha nytte av å høyra om?

3: Følg folk!
Ein følgjer ofte folk med same interessefelt. Sjå kven dei følgjer og finn fleire du kan følgje. Men det er nyttig å følgje folk med andre meiningar og. Sjå om andre har laga lister. På listene har dei kanskje gruppert folk for deg allereie.

4: Be om råd!
Spør nokon om dei har tips til andre du kan følgje og om dei eventuelt kan introdusera deg. Takhøgda er ganske stor, sjå korleis andre oppfører seg og lær av det. Spør om råd om du lurer på noko.

5: Svar!
Sjå under «koblinger/interaksjoner». Viss nokon har skrive noko til eller om deg (@brukernavnet_ditt) så finn du det igjen der. Du kan og sjå kven andre skriv til ved å klikke på det som står bak @brukernavn på twitter.

6: Offentleg/privat?
Alt utanom direktemeldingar på twitter er offentleg tilgjengeleg. Sjølv om du skriv noko til @brukernamn kan andre sjå det. Sensitiv informasjon har ikkje noko på twitter å gjere (ikkje der heller).

7: Følg tema!
Du kan og finna andre ved å følgje relevante tema (hashtags) som t.d. #lærerhverdag, #skole, #yrkesfag, #vurdering og eg må sjølvsagt nemne #ndla. Er det konferansar eller andre arrangement blir ein ofte eininge om eit temaord/hashtag slik at ein kan finna igjen dette. Neste store konferanse med tema innanfor skule og IKT er NKUL og då er det smart å følgje med på #NKUL. Vil ein ha oversikt over eit temaord kan ein bruke søkefunksjonen på twitter eller t.d. http://hashtags.no/. Viss ein går inn på http://hashtags.no/ndla#alltid kan ein sjå relaterte brukarar og temaord.

8: Utvid nettverket!
Twitter er berre ein liten del av eit større fagleg nettverk på internett. Mange av dei du følgjer på twitter har kanskje bloggar dei skriv litt lengre i. Og kanskje dei deler mykje spanande der og?

9: For mykje?
Straumen kan gå veldig raskt og ein får ikkje med seg alt. Det kan vere smart å merke ting med stjerne for å lesa seinare, eller sjå kva andre har merka med stjerne. Nokre bruker og InstapaperPocket eller andre liknande løysingar for å lagra lenker dei ynskjer å lese seinare.

10: Gi og du skal få!
Viss du deler med andre deler dei med deg. Ver raus!

Bli med!
Eg er @ghveem på twitter og skriv og ein del på NDLA.no sine kontoar. Full oversikt over NDLA sine fagredaksjonar på twitter finn du her.

Du som les her er kanskje allereie på twitter?

Har eg gløymt noko? Skriv gjerne i kommentarfeltet!

One Reply to “Fagleg oppdatering? Ti råd for å komma i gang med twitter. #ndla #nkul”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *