Ubuden gjest – en Digital Fortelling

Nettstedet er laget av Anita Aasheim Knutsen, og er utviklet som en besvarelse av en obligatorisk oppgave ved Masterstudiet i IKT i læring ved Høgskolen Stord/Haugesund.

Det finnes flere Internettsider som tar opp sjangeren Digitale Fortellinger og «de syv elementene» på norsk, men ingen som beskriver hvordan man rent praktisk jobber med dette steg for steg.
Forankring i kunnskapsløftet (L06)

I tillegg til å være en metode kan arbeidet med Digitale Fortellinger være et kunnskapsmål i seg selv. I fagplanen for Norsk i Kunnskapsløftet (L06) sies dette under norskfaget:
7. årstrinn ”- lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet og ved hjelp av digitale verktøy” (s.13) ”
– bearbeide digitale tekster og drøfte virkningene” (s.13)
10. årstrinn ”- bruke ulike medier, kilder og estetiske uttrykk i egne norskfaglige og tverrfaglige tekster” (s. 14)

Derfor håper jeg at dette nettstedet kan være en ressurs for arbeid med digitale fortellinger fra mellomtrinnet og oppover.

Kommentar:
Her finst det informasjon både til lærar og elev. Fleire viktige moment vert teke opp i rettleiinga, m.a. åndsverklova.
Korleis vurderer du slike fortellingar? Her er eit forslag til kva du kan sjå etter: http://stud.hsh.no/arbeider/2007/Fortell/vurdering.htm
http://stud.hsh.no/arbeider/2007/Fortell/sjangeren.htm

Og digitale fortellingar i photostory er såpass enkelt at til og med første klasse kan bruka det!
I staden for tekst kan dei t.d. fortelja/spela inn lydkommentar til bileta.
Det kan vere lurt å bruka t.d. teikningar for å fortelja eventyr eller liknande.

og lurer du på kva photostory og digitale fortellingar er kan du kikka innom
Http://guttorm.hveem.no/media/photostory for ein liten demo.

Digitale forteljingar – Animasjonsfilm – AS Sydvaranger

Animasjonsfilmen som vart laga av nokre av elevane i fjerde til sjuande i haust er no konvertert til flash og lagt ut saman med ein liten informasjonstekst på http://guttorm.hveem.no/media/sydvaranger/. Filmen vart laga i gratisprogrammet Monkeyjam (Gratis). Elles har elevane jobba litt i photostory, men dei filmane vert nok ikkje lagt ut. Fellestrekk for begge opplegga er at elevane får til å laga presentasjonar med liten undervisning i verktøya. Resultata blir gode, og dei set høge krav til kvaliteten. Media og film er jo noko dei kan!

Animasjonsfilm – Ferdig

Så vart animasjonsfilmen ferdig, filmen vart rundt to minutt lang (inkludert rulletekst). Trur me enda i underkant av 2000 bilete.

Surf innom http://guttorm.hveem.no/media/sydvaranger/ for å sjå (flash, låg kvalitet)

Ei anna gruppe har laga ein seks minuttars stumfilm, denne legg eg ikkje ut. Men eg kan seie at det verkar som om det er lettare å få god innsats for nokon dersom dei ikkje treng konsentrera seg om dialogen…

Animasjonstips – Monkeyjam (Via jao.typepad.com)

Det er travle dagar i læraryrket, men eg tenkte eg skulle informera litt frå eit stort prosjekt me held på med, nemleg SYDVARANGERPROSJEKTET.
Ei av gruppene held på å laga animasjonsfilm (av typen stop-motion) der stikkord som dagbrot, gruver, malm, p & h, lectra haul, jernbane, store maskinar og store tal.
I den samanhengen har eg via http://jao.typepad.com begynt å bruka monkeyjam for sjølve animeringa (Der finst det forresten mange gode tips for dei som er interesserte i digital kompetanse). Elevane sjølv planleggjer og skriv storyboard, lagar kulisser, animerer og tek bilete. Med monkeyjam, eit kamera/vevkamera og ein pc kjem ein langt. Fyrste dag med animering resulterte i 667 bilete, dvs. rundt 30 sekund film (25 bilete i sekundet).

Ein kan sjølvsagt nytta prøv og feil metoden under animering, men eg tykkjer det er viktig å få inn norskbiten, nemleg eit skikkeleg manus. Det erfarer elevane og raskt dersom dei gløymer noko eller plutseleg oppdagar at dei må leggje inn noko midt i filmen.

Programmet monkeyjam kan du lesa om og lasta ned her: http://www.giantscreamingrobotmonkeys.com/monkeyjam/

Surf innom seinare for å sjå resultatet.