Udir.no – Digitale ferdigheter

Har klikka meg gjennom døma, desse handlar både om nettvett og omgrep knytt til digital kompetanse.

Skolene kan gjennomføre en frivillig kartleggingsprøve i digitale ferdigheter for 4. trinn. Prøvene er en elektronisk prøve. Her finner du informasjon om prøven og hvordan den gjennomføres.

 

via Udir.no – Digitale ferdigheter.

 

skoleipraksis » Digital kompetanse i grunnopplæringa

Digital kompetanse i grunnopplæringa skal inspirere lærarar til å tenkje nytt rundt eigen undervisningspraksis. Målet er at ressurspakka skal vere eit hjelpemiddel til fleksibel internopplæring og kompetanseheving i skulen.Målgruppa for filmane er lærarar i grunnopplæringa og lærarstudentar. Filmane skal kunne brukast på fagdagar, i fagseksjonen, til sjølvstudium, i kurs og i lærarutdanninga. Det er døme på undervisningsopplegg frå engelsk, framandspråk, matematikk, norsk og naturfag. Kvar film dokumenterer bruk av digitale verktøy i eit konkret undervisningsopplegg.

Her kan det vere litt inspirasjon å hente  skoleipraksis » Digital kompetanse i grunnopplæringa.

Skoleipraksis.no har ein god del filmar som kan brukast til utvikling av eigen kompense.

Sortfix – smart søkemotor

Å finna, vurdera og bruka informasjon er ikkje alltid like lett.Men det er kanskje noko av det viktigaste ein bør læra i skulen. Det finst mange døme på at søking etter kjeldestoff går ille.

Tidlegare fekk ein grundige og kanskje overbevisande artiklar om Anne Frank dersom ein søkte på google.

Dersom ein kikka på domenenamnet som kom nesten øverst så såg ein at det tilhøyrte ein organisasjon med namn Vigrid. Eit anna klassisk døme er ungar som skriv om kattar og så søkjer dei etter bilete med ordet pus, eg treng kanskje ikkje fortelja noko om kva slags bilete som kan dukka opp frå engelske nettstadar då.

Sannsynlegvis har dei fleste tre utgangspunkt for å finna informasjon, startsiden.no (der dei søkjer i feltet til google), google.no og wikipedia.org. Det er mange gode alternativ ein kan bruka. I dag vil eg tipsa om sortfix.com.

Denne kan vere eit ypparleg hjelpemiddel i søkekurs. Ein skriv inn søkeord som vanleg og ein kan sjå resultata frå google, twitter, bing, bilete og filmar frå youtube. Men det er øverst ein finn det mest praktiske. Dei fire boksane inneheld «power words», «add to search» «remove» og «dictionary». Her kan ein raskt leggje til søkeord, vise alle resultat unntatt eit av orda og ein kan slå opp ord direkte dersom ein dreg dei til boksen «dictionary». Ganske smart, bør prøvast.
Skjermbilde2010-03-26kl.22.17.33.yv1yheo14WiS.jpg

101 fantastiske og lærerike turar du kan ta (utan å forlata klasserommet)

Reising tek tid og kostar pengar, begge deler kan vera mangelvare i skulen. Heldigvis dukkar det opp fleire og fleire gode ressursar ein kan bruka i klasserommet og læringsarbeidet. I Noreg har me mellom anna Rockheim som er eit virtuelt rockemuseum, Uninett har skrive om Rockheim tidlegare. Slottet, rådhuset og postgirobygget finst og som tredimensjonale bygg i Google Earth.

OnlineUniversities.com er det samla 100 andre virtuelle turar. Du kan m.a. ta turen til Pompeii, det historiske Roma, Taj Mahal, Stonehenge, Vatikanet, Pisa, Smithsonian, Harvard, Mars, Disneyworld osb. Omfattande liste med gode ressursar er det i alle fall.

Sett turane i samanheng med tema ein har på skulen og «reis»…

Informasjon og kunnskap

Me har tilgang til ufattelege mengder informasjon gjennom teknologi og ikkje minst nettverk. Dersom ein skal halda seg heilt oppdatert må ein vel klikka på alle lenkene på twitter eller facebook og lesa alle elementa i RSS-lesaren dagleg. Eg trur stadig fleire opplever det Margreta treffande kallar «lenkestress» og føler at ein ikkje strekk til. Ein må utvikla personlege filter for å koma seg gjennom informasjonsjungelen, ein må prioritera. Kva er det naudsynt å lesa? Kva hadde det vore fint om ein hadde hatt tid til å lesa? Kva kan ein eigentleg klara seg utan? (Skru gjerne på Øystein Sunde sin song «Kjekt å ha» no)

Kunnskap og informasjon er ikkje det same. Kva gjer ein med informasjonen ein har tilgjengeleg? Mange går nok laus på søkemotorane med ein gong, men kva med å stoppa opp litt og tenkja seg om, slik at ein kan reflektera litt over kva ein ynskjer å oppnå gjennom søkinga. Kva informasjon/kunnskap har ein allereie? Kva informasjon treng ein for å arbeida vidare? Og korleis forandrar ein informasjonen til kunnskap? Korleis klarar elevane det? Finn dei relevant informasjon utanom dei fem til ti første treffa i søka? Leitar dei etter det? Brukar dei fleire søkekjelder?

PEGGY ORENSTEIN i NYT har skrive ein interessant artikkel om søking og om å bli distrahert og tipsar i tillegg om MacFreedom, eit program som kan hjelpa deg litt med sjølvdisiplinen dersom du har ein Mac.

For å oppsummera med hennar ord:
«the promise is of infinite knowledge, but what’s delivered is infinite information, and the two are hardly the same.»

Eg trur det er fleire som treng trening i å arbeida utan tilgang til internett i periodar. Og det er lov å merka alt som lest, og å ikkje følgja med på alt til ei kvar tid… (mhm, eg har vore innom ein del nettsider sidan eg starta på dette innlegget…)

Funfact: Søkjer du på «Information Overload» i google scolar får du ca 273 000 treff…

ITUMonitor 2009

ITU har i dag publisert ITUMonitor 2009 der dei går gjennom trendar og tilstand i skulen.

ITU har lagt ut video frå pressekonferansen, ein finn igjen pressemeldinga hos Computerworld, NRK, VG og Teknisk Ukeblad.

Kunnskapsdepartementet svarar og fortel kva dei ynskjer å satsa på her.

Øystein Johannesen har oppsummert hovudfunn her.

Eva har skrive referat og oppsummert spørjerunden til slutt. Hans Christian bloggar her. Marian har nokre refleksjonar som kanskje ikkje er direkte samanheng med lanseringa.

Oppdatert: Marcel (i Aschehoug) har og skrive sine tankar her. Tommy Engen her.

Heile rapporten kan ein lesa hos ITU i tillegg kan ein finna ein del på twitter med søkeord #itumonitor.

Og for moro skuld kan du sjå om du og klarar elleve rette på testen til NRK.no

Eg vil tru at vidaregåande kjem til å ha endå høgare bruk og sannsynlegvis meir kompetanse etter kvart som dei vert vane med NDLA og stadig fleire digitale læremiddel. Men me kan ikkje berre satsa på å bruka IKT til lesing og skriving. Prosjektstyring, simulering, animasjon, samansette tekstar er nokre stikkord ein kan ha i bakhovudet. Men for å få til slikt må ein ha kompetente lærarar, og for å få til ei satsing på IKT i læring må dei som styrer og legg premissane og vera kompetente. Eg er spent på kva det nasjonale senteret for IKT i utdanning kan leggje til rette for.

Det dukkar heilt sikkert opp ein del i bloggane og på http://delogbruk.no snart.

Alt saman skal lesast og fordøyast, men nokre av oss har ferie litt til…

Post nummer 400 forresten!

Dei ti bud for sosiale media

Twitter
Lon Safko er forfattaren av «The Social Media Bible«. Han har publisert dei ti bud for sosiale media. I utgangspunktet er dette skrive for næringslivet, men her er det mange gode poeng å få med seg for skulevesenet.

Det heile handlar vel om å delta ved å skriva, lesa, sjå, kommentera og dela.

Som alle andre «reglar» med religiøse referansar er det viktig å tenkja litt kritisk, Rolf Jacobsen har skjønt det:

«Og hva er tro? Nesten det samme som håp.
Men hvis du tror for sterkt, da blir du fanatiker.
Det er ikke bra. Derfor har vi tvilen også.
Uten tvilen ville vi fremdeles befunnet oss
i steinalderen. Men du skal ikke tvile for mye heller.
Du skal bare ha en liten takluke for tvil.
Det tror jeg er meningen. En liten tvil bak øret.»

Rolf Jacobsen..