Fagleg oppdatering? Ti råd for å komma i gang med twitter. #ndla #nkul

1: Skriv noko på profilen din!
Kven er du? Kva er du interessert i? Kva driv du med? Last opp eit bilete! Blogger du?Legg inn ei lenke! Eg vil gjerne vite noko om deg før eg vel å følgje deg.

2: Hopp i det!
Det blir litt som ungdomsskulen, sjå på «dei kule». Bli med i diskusjonen, det er berre å hoppa inn kva tid som helst. Har du prøvd noko nytt i klasserommet? Har du laga eit god opplegg? Erfart noko andre kan ha nytte av å høyra om?

3: Følg folk!
Ein følgjer ofte folk med same interessefelt. Sjå kven dei følgjer og finn fleire du kan følgje. Men det er nyttig å følgje folk med andre meiningar og. Sjå om andre har laga lister. På listene har dei kanskje gruppert folk for deg allereie.

4: Be om råd!
Spør nokon om dei har tips til andre du kan følgje og om dei eventuelt kan introdusera deg. Takhøgda er ganske stor, sjå korleis andre oppfører seg og lær av det. Spør om råd om du lurer på noko.

5: Svar!
Sjå under «koblinger/interaksjoner». Viss nokon har skrive noko til eller om deg (@brukernavnet_ditt) så finn du det igjen der. Du kan og sjå kven andre skriv til ved å klikke på det som står bak @brukernavn på twitter.

6: Offentleg/privat?
Alt utanom direktemeldingar på twitter er offentleg tilgjengeleg. Sjølv om du skriv noko til @brukernamn kan andre sjå det. Sensitiv informasjon har ikkje noko på twitter å gjere (ikkje der heller).

7: Følg tema!
Du kan og finna andre ved å følgje relevante tema (hashtags) som t.d. #lærerhverdag, #skole, #yrkesfag, #vurdering og eg må sjølvsagt nemne #ndla. Er det konferansar eller andre arrangement blir ein ofte eininge om eit temaord/hashtag slik at ein kan finna igjen dette. Neste store konferanse med tema innanfor skule og IKT er NKUL og då er det smart å følgje med på #NKUL. Vil ein ha oversikt over eit temaord kan ein bruke søkefunksjonen på twitter eller t.d. http://hashtags.no/. Viss ein går inn på http://hashtags.no/ndla#alltid kan ein sjå relaterte brukarar og temaord.

8: Utvid nettverket!
Twitter er berre ein liten del av eit større fagleg nettverk på internett. Mange av dei du følgjer på twitter har kanskje bloggar dei skriv litt lengre i. Og kanskje dei deler mykje spanande der og?

9: For mykje?
Straumen kan gå veldig raskt og ein får ikkje med seg alt. Det kan vere smart å merke ting med stjerne for å lesa seinare, eller sjå kva andre har merka med stjerne. Nokre bruker og InstapaperPocket eller andre liknande løysingar for å lagra lenker dei ynskjer å lese seinare.

10: Gi og du skal få!
Viss du deler med andre deler dei med deg. Ver raus!

Bli med!
Eg er @ghveem på twitter og skriv og ein del på NDLA.no sine kontoar. Full oversikt over NDLA sine fagredaksjonar på twitter finn du her.

Du som les her er kanskje allereie på twitter?

Har eg gløymt noko? Skriv gjerne i kommentarfeltet!

Macros for Teachers: Short cuts in Word to point out grammatical errors (via @JaspreetK1)

Tar det litt lang tid å retta språkfeil i engelske tekstar? Rutineprega arbeid kan ein heldigvis av og til automatisera og effektivisera. Endå betre: Jaspreet har gjort ein stor jobb for deg!

 Retting på datamaskin kan være møysommelig arbeid. Når jeg påpeker språkfeilene i elevtekster, merker jeg at jeg gir nesten de samme kommentarene  om igjen og om igjen. Jeg lurte på om det gikk an å effektivisere prosessen.        Det fikk meg til å undersøke om jeg kunne lage noen hurtigtaster som kunne automatisere merknader om forskjellige språkfeil og andre kommentarer. I Word bruker jo man hurtigtaster som Ctrl + C for å kopiere en tekst,  Ctrl + V til å lime inn en kopiert tekst osv.      Ved bruk av MAKROER i word har jeg oppnådd akkurat dette. Nå slipper jeg å skrive samme merknader om igjen og om igjen. Jeg har også funnet ut at jeg kan sende mine koder til andre og de kan bruke dem på sin PC

via Correcto Ergo Sum: Macros for Teachers: Automatiserte Merknader / Short cuts in Word to point out grammatical errors.

Dette kan vere ei vel så god løysing som markin og knappesett. Eg har ikkje skrive særleg om Markin tidlegare, heldigvis har Bjørn Helge, Elisabeth og Inger Hilde skrive, tenkt og delt noko. Kanskje det er nokon som vil gjere det same for bokmål og nynorsk og?

IDE: Vurdering for læring og personleg logging

Ever wonder why you’re having a bad day, or even a good one? Is there an ongoing problem in your life that you just can figure out? If you’ve got a free minute, just fill out this daily form to help you diagnose the problem by analyzing how you think, act, and feel.

Les artikkel eller sjå video først!

Kortversjon: dagleg logging i eit skjema/rekneark viser progresjon og anna.

Artikkel: Fill Out This One-Minute Form Every Day and Find Out Why Your Life Sucks (or Doesn’t).

Ideen: Tilpass reknearket slik at det handlar om læring og (eigen)vurdering. Spørsmåla som allereie står der kan kanskje brukast, dei påverker kanskje læringa? Kvar elev kan ha sitt eige rekneark og så dela det med læraren. Noko å sjå på saman ved undervegsvurdering?

Kva spørsmål ville du hatt med?

Kva har du lært i dag?

Kva idear har du delt?

Kvifor kompetanseheving for lærarar i i nettverk/sosiale media? #dgd12

dei gode døma skal Margreta og underteikna ha ein sesjon om korleis og kvifor ein bør/kan bruka sosiale medier for å utvikla kompetanse. Margreta har allereie laga klar ei tavle der du kan få koma med tips, innspel, idear og erfaringar.

Me vert svært glade for alle innspel!

Stort vindauge (dobbeltklikk kor som helst for å skriva, anonymt eller ikkje): Kvifor kompetanseheving for lærarar i i nettverk/sos.med? by margreta.

Lite vindauge:

Laga i wallwisher, som kan brukast i klasserommet.

 

Oppdatering:
Ljosark kan lesast her, men dei er kanskje så minimalistiske at du heller vil sjå videoopptaket som dukkar opp her. Det ligg for øvrig mange strålande presentasjonar og videoopptak frå dei gode døma 2012 klare til deg.

Naturfag – Wikibøker

Om Wikilæreboken

Boken består av en rekke ressurser som dekker ulike emneområder innenfor naturfag. Målgruppe er elever på barne- og ungdomstrinnet. Foreløpig er det lagt ut mest videoressurser. Boken er en lærebok skrevet av bidragsytere fra forskjellige steder i landet. Studenter er i stor grad bidragsytere. Innholdet kan kopieres og brukes fritt. Vi begynte i 2007 og arbeider nå med å dekke alle kompetansemålene i læreplanen.

Wikilæreboken i Naturfags diskusjonsforum på delogbruk.no

Instruksjonsvideo – 6 min.

via Naturfag – Wikibøker.

 

Kreativ og smart bruk av Google Sketchup

På Kirkenes vidaregåande finst det mange døme på god og smart bruk av IKT i læring. I dag har eg lyst til å presentera eit døme.Læraren bruker Google Sketchup til ganske mykje, mellom anna matematikk, byggteknikk og til trafikkopplæring. Eg har fått lov til å dela litt av dette.
I Sketchup kan ein bruka lag for å jobba med ulike element. På venstresida i bileta ser du laga som er i bruk i dette dømet. Rundt om i dokumentet/vegnettet kan ein skru på ulike element når ein treng dei. Lyskrysset som blir vist under kan innehalda ein politimann eller fleire. I tillegg kan ein enkelt bytta ut trafikklysa med vikepliktskilt. Bilen kan flyttast på, ein kan bytta perspektiv for å få overblikk. I tillegg kan ein enkelt forflytta seg frå den eine vegen til den andre.
Opplegget byggjer på metodikk frå trafikalt grunnkurs og det finst mange måtar å jobba med dette på. Praktisk og lærerikt er det i alle fall.
Heile dokumentet vert vist på smartboard saman med elevane, slik at dei kan navigera seg rundt, svara på spørsmål frå eit gitt perspektiv osb.
Kreativt og smart døme på IKT i læring.Innspel og kommentarar er velkomne i kommentarfeltet eller på andre vis.

Foto: Hallgeir Larsen
Foto: Hallgeir Larsen
Foto: Hallgeir Larsen
Foto: Hallgeir Larsen
Foto: Hallgeir Larsen
Foto: Hallgeir Larsen
Foto: Hallgeir Larsen
Foto: Hallgeir Larsen
Foto: Hallgeir Larsen
Foto: Hallgeir Larsen
Foto: Hallgeir Larsen
Foto: Hallgeir Larsen

Mappa-mi.no

Eg har jobba ei stund eit verktøy for digitale mapper og karriereveildening. I morgon skal dette presenterast for mellom anna UDir, men du kan jo få smugkikka her Mappa mi og så kan du sjølvsagt kikka innom mappa-mi.no.
I notata mine står det mellom anna at dette er ei system som har fokus på den lærande. Ein samlar informasjon, reflekterer og dokumenterer i bloggar (så mange du vil), legg inn presentasjonar, oppgåver, videoar (last opp eller hentar direkte frå youtube). Ein kan melda seg inn nokre grupper frivillig, medan andre grupper berre er for klassen. Treng ein hjelp frå ein professor, ei tante eller vil visa fram til medelevar, føresette eller ein potensiell arbeidsgivar kan ein gjera med eit eller to klikk (ein kan bestemma datoar dei kan få sjå og). Ein kan senda inn presentasjonssider til læraren. Då vert sida låst inntil læraren gir kommentar og eventuelt frigjer sida for vidare arbeid.
Ganske spanande, men mykje teknisk arbeid (CSS, PHP, oversetting, administrering).

Nevnte eg at løysinga støtter feide og kan jobba saman med Moodle (då under namnet mahoodle)?