iPhone vennleg blogg.

Har no lagt inn ein funksjon på bloggen for å gjera visinga litt betre for dei som surfar innom her med iPhone/iPod Touch. Tillegget heiter WPtouch iPhone Theme og gjer at bloggen ser nokolunde slik ut dersom du kjem innom med iPhone/iPod touch:

iPhone-tema
No med iPhone-tema. : Bloggpost

Forsida - iPhone
Forsida – iPhone

Bytt ut Internet Explorer 6!

Nett no går det ein kampanje for å bli kvitt internet explorer 6. Ein finn ein del om aksjonen på twitter (sjå t.d. her) og på nettsider som t.d. tu.no . Sjølv har eg lagt inn ein liten sak for å støtta kampanjen. Du ser det berre om du kjører IE6 eller eldre og berre ein gong om dagen, og det er det visst ein del av lesarane mine som gjer! Eg reknar med at ein del av desse treffa er søkemotorar og spammerar.

Oppdatert: Oversikt over større nettsider som støtter kampanjen her.

Statistikk frå februar viser no i alle fall dette:

Internet Explorer 5    10750
Internet Explorer 6    2648

Internet Explorer 7    1222
Firefox 3 730
Generic Gecko 500
Opera 178
Safari 127
Internet Explorer 4 115
Internet Explorer 3 83

Konqueror 62
Chrome 56
Firefox 2 56
Internet Explorer 8 53
Internet Explorer 39
Firefox 19
iCab 13
Galeon 12
Thunderbird 12
AmigaVoyager 10
Pocket Internet Explorer 4
Mozilla Minefield 2
Iceweasel 1
SeaMonkey 1

WordPress på iphone

p-640-480-64e4d6f8-3c5e-44c7-8546-4bafdc569034.jpegTestar no wordpress-app på iphone. Viss denne posten kjem på lufta så virker det greit… Det frister kanskje ikkje å skriva dei lengre postane i eit så lite vindauge (sjeldent her på bloggen uansett). Slenger med eit bilete som viser temperaturen for å testa den funksjonen og.

Bugsearch

Har hatt ein irriterande feil på bloggen, den gjer at ein ofte får beskjed om at sida ikkje kan visast i internet explorer 7 (Kan ikke åpne søkesiden). Eg har deaktivert dei fleste innstikk (plugins) og bytta tema, men trur ikkje eg er i mål no.

Fint om du legg igjen litt info om kva du opplever. Og kom gjerne med tips…

Oppdatert: Lurer på om det  var «lightbox»-saken som laga problem. Trur ting skal verke no.

«Ny» blogg…

Har no bytta system på bloggen min. Kjører no siste versjon av wordpress og håper det kan bli bra.

Dersom du får feilmeldingar eller ikkje finn noko du har funne tidlegare er det fint om du gir beskjed.
Innspel til kva plugins som bør brukast er og interessant å få tilbakemelding om.

Alle lenker skal i prinsippa vere dei same, RSS skal og vere som før.

Referansar og kjelder, praktisk script…

Som du kanskje har sett nede på sidene mine i bloggen er det ferdig referanse klar til bruk (Trur det var Harvard-stil eg laga). Det er ikkje verre enn å leggje inn eit lite script  i malen din, scriptet ser omtrent slik ut (NB, [ må byttast med < og ] må byttast med >):

[p align=»center»]Referer til denne sida (Klipp og lim):[br /]
[script language=»JavaScript» type=»text/javascript»]
[!–
document.write (document.title)
// –][/script]
[Internett] NO: Adresse: [u]
[script language=»JavaScript» type=»text/javascript»]
[!–
document.write (location.href)
// –][/script]
[/u] Lest:
[script]
var mydate=new Date()
var year=mydate.getYear()
if (year [ 1000)
year+=1900
var day=mydate.getDay()
var month=mydate.getMonth()
var montharray=new
Array(«Januar»,»Februar»,»Mars»,»April»,»Mai»,»Juni»,»Juli»,»August»,»September»,»Oktober»,»November»,»Desember»)
var daym=mydate.getDate()
document.write(«»+daym+» «+montharray[month]+» «+year+»»)
[/script]

Det som vert vist er:
Tittel på sida  [Internett] NO: Adresse: http://server.no/mappe/fil.hm Lest: 25 Januar 2007

Du finn ein ferdig versjon på http://guttorm.hveem.no/dev/referer.txt
Eg lev i trua at det kanskje får nokre fleire til å leggje inn referansar på sine referanselister. Og lurer du på om noko av det du har skriv finst andre stadar på nettet kan du jo sjekka på http://copyscape.com/

Dersom du søker i bloggen finn du nok ei post om korleis eg laga min eigen automagiske referanseknapp eg bruker i Opera.

Referansar i Opera (Userjs)

Har no laga ein liten sak som gjer det enklare å referera…
Scriptet referanse formatert ut frå Harvard-mal.
Eit lite javascript må lagrast i di userjs-mappe: Last ned.

Deretter må du leggje til eit bokmerke i nettlesaren, du kan dra lenka Referanse til ei verktøylinje eller ein annan stad..

Når du no klikkar på Referanse vil følgjande visast for http://guttorm.hveem.no/blogg/:

Guttorm Hveem – Mastergrad IKT i læring – Grafiske organisatorar i læringsprosessar. [Internett] NO: Adresse: http://guttorm.hveem.no/blogg/ Lest:6 Juni 2005

Altså: document.title [Internett] NO: Adresse:document.location Lest: dd.MM.YYYY)

Sjå og innom http://userjs.org for meir avanserte og nyttige script til opera…