Del og bruk 09 – Del det du har, bruk det du får


Gå til Del og bruk 09

Del og bruk 09:
Et nettverk for lærere og andre med interesse for sosial web, IKT og skole. Del, øk og bruk din digitale kompetanse. Sammen er vi smartere!

Ingunn Kjøl Wiig har tatt initiativet til eit nettverk for lærarar og andre som er interessert i IKT i læring, læringsressursar og digital kompetanse. Og som slagordet seier: «Del det du har, bruk det du får».

Eg har allereie lokalisert ein heil del fremragande (IKT-)pedagogar i nettverket.

Du kan invitera deg sjølv  her:  http://delogbruk.ning.com/

Gå til Del og bruk 09

Digi.no: Blar opp for digitale ferdigheter i skolen

Digi.no melder at Microsoft, Cisco og Intel vil utvikla ein global standard for måling av IT-kunnskap.

Desse tre skal vere med å sponsa eit forskningsnettverk som vil finna nye g betre metodar for læring og evaluering av skulelevar. Selskapa skal knyta saman ulike utdanningsleiarar og forskarar som skal arbeida med dette:

  • Mer presist definere hvilke ferdigheter som er nødvendige i det 21. århundre.
  • Overføre disse til målbare læringsmetoder, og utvikle nødvendige verktøy.
  • Utvikle læremiljøer som tar i bruk informasjonsteknologi.
  • Spre kunnskapen over hele verden.

Arbeidet skal leiast av Professor Barry McGaw frå universitetet i Melbourne.

Bra at desse tre sponsar og legg til rette for slik forskning og at forskningsresultata skal gjerast fritt tilgjengeleg. Forskninga kan rett nok føra til Teaching for Testing, men me får håpa det vert mykje anna matnyttig.  Spennande!

Vidare lesnad:

Seattle Times
Anoop Gupta

Oppdatert 2: Skolen i digital utvikling, Lillestrøm 13.-14.11

Har nett returnert frå skuleleiarkonferansen arrangert av NTNU på Lillestrøm.
Kort oppsummert vart det ein del fagleg påfyll og idear. Det var nokre verkeleg gode føredrag:

  • «… et avgjørende øyeblikk i utdanningens historie…» -Ledelse i den digitale skolen. med opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld, Hordaland fylkeskommune. Mange gode tankar og perspektiv. Stikkord: engasjement, glede, delingskultur. (Godt referat hos June)
  • Hvordan kan bruk av digitale læringsplattformer gi bedre læring til elevene? med Prosjektleder Egil Hartberg, Høgskolen i Lillehammer. Praktisk og konkret retta mot det ein kan få til. «Best practice». Framhever kontekstar der ein har ein meirverdi, t.d. prosessorientert skriving, samansette tekstar og digitale mapper.
  • «The future is not what it used to be» og oppfølgingssesjonen med Mike Butler, Djanogly City Academy, Nottingham.
    Verkeleg interessant. Haldningar, motivasjon, delingskultur, engasjement. Lærar som fagleg autoritet. Learning by failing. Fokus på infrastruktur. Læring skjer der folk møtest (men ikkje nødvendigvis på skulen). Strategiske partnerskap med forskningsmiljø og hardware/software-miljø. Formell vs. uformell læring. «The guy at the top thinks this is important.» Elevar og lærarar som ekspertar og hjelparar. Ansvar for deling. Personal: Ansvar for å sjølv læra seg det ein må kunna (basiskunnskap). Fast avsatt rom og tid for vidareutvikling av kompetanse. Læring skjer gjerne med støtte i dingsar, ikkje nødvendigvis eigen pc. Såg endeleg mange elevar som brukte mindmanager, sjeldent syn!! Dei brukte Microsoft Learning Gateway for å sy saman/samla ressursar og relevant stoff. Utstrakt bruk av tablet. Det merka Jan frå Snorre data på etterspørselen etterpå…

Det var prata om innføring av nasjonale testar i digital kompetanse. Dette meiner eg ikkje heng saman med læreplanen. Verken IKT eller digital kompetanse er eit eige fagområde, det skal vere ein grunnleggjande ferdighet I FAGA. Skal ein trekkje ut digital kompetanse som eige område for testing bør ein sjølvsagt trekkje ut skriftforming, teikning, tale, osb.
Eg veit at Jostein Tvedte sa noko om dette på innlegget «IKT som egen satsing, eller integrert i fagene?». Håpar nokon av tilhøyrarane (ca 150 stk) kan skriva nokre ord om dette.

Summa summarum så sit eg igjen med nokre stikkord eg ynskjer å ta med vidare:
1. Læraren er avgjerande for læringa, sjølv når med blandar inn IKT.
2. Ein oppnår meir med ein delingskultur der det er lov å vere kreativ og ta enkelte feilsteg. (Kunnskap er jo feil ein har lært noko av…)
3. Klare strategiar og forventningar gjennom heile organisasjonen er viktig. (Gjer som du alltid har gjort -> få det du alltid har fått.).
4. Dei gode døma må delast. Kvar, kven og kva tid får ein meirverdi med bruk av IKT? Tradisjonelt sett trur eg ikkje at lærarar er flinke til å dela sine undervisningsopplegg og metodar. Ikkje at LMS (fronter/its) støtter deling heller… På Djanogly blir elevane sitt arbeid (videoar, bilete, nettsider +++) vist fram på informasjonsskjermar rundt om på bygget…

Fekk elles teke ein lang prat med min tidlegare mentor og no leiar for masterutdanninga IKT i læring, Jostein Tvedte og ikkje minst helsa på Tom Erik.

Disclaimer: Dette referatet er skrive etter ei lang og ristande flyreise langs kysten i Nord-Noreg (Tromsø-Hammerfest-Honningsvåg-Mehamn-Vadsø-Kirkenes) og utan det store tankekartet med alle notata. Utfyllande referat, notat i tankekart eller liknande kan brått dukka opp her.

Presentasjonane frå konferansen skal visstnok leggjast ut.

Oppdatert 2:
Andre referat kan du finna hos:
Ingunn
June (1, 2)
Øystein (1, 2, 3)
Kjetil
Ole
Bjørn Olav

Digi.no: Vet ikke om lærere får penger til IKT

«… på spørsmål fra digi.no til kommunikasjonsavdelingen i
Kunnskapsdepartementet, er det ingen som kan svare på hva som er satt
av til IKT

– Det har ikke blitt satt av noe spesifikt til IT, sier Baastad til digi.no

Hun viser imidlertid til side åtte og ni i strategidokumentet for videreutdanning av lærere der det står:

Videreutdanning må også ivareta sentrale elementer i Kunnskapsløftet
som vurdering, tilpasset opplæring, bruk av IKT i faget samt
vektlegging av grunnleggende ferdigheter.
» (digi.no)

IKT er ikkje og bør ikkje vere eit eige fag, eller fagområde. Ein skulle jo tru at EVU heng saman med kunnskapsløftet slik at lærarar får kunnskap om digital kompetanse i akkurat dei faga dei får vidareutdanning i. Det er nok mange lærarar som har teke IKT 1 eller 2 der dei lærte grunnleggjande filbehandling, office (inkludert frontpage) og kanskje litt programmering. Eg håper det ikkje vert vidareutdanning i IKT, men meir av typen IKT i naturfag, norsk, matematikk osb.

Det ein treng opplæring i er vel heller prinsipp som virker uavhengig av kva teknologi ein har tilgjengeleg. Og så bør det sjølvsagt vere fokus på IKT i faga.

Pressemeldinga frå udir kan lesast her.

Nyleg lagra lenker (weekly)

Digital kompetanse? Tablet…

Digi melder i dag at Buskerud fylkesting har inverstert i Tablet-pcar for om lag ein million kroner. Det dei ikkje fekk tydeligvis ikkje med seg var at Microsoft XP Tablet ikkje støtter gjenkjenning av norsk handskrift. Sjølv om dei visstnok har blitt opplyst om dette.

Politikerne har nå hatt maskinene i seks uker, og de sliter fortsatt med å
få brukt maskinene på en ordentlig måte.

Sjølv har eg vore så heldig å få låna meg ein HP TC1100, praktisk liten sak. Fekk endeleg testa «Pen mode» i mindmanager. Det er likevel ikkje så praktisk å skriva lengre tekstar på tableten, den kjenner jo ikkje igjen mi kråkeskrift på nynorsk. Og så skriv eg rett nok ein heil del raskare på tastatur enn med penn. Grunnen til at eg har venta på å få klørne i ein tablet heng saman med smartboard. Eg trur at i mange tilfelle kan ein klara seg med ein prosjektør og ein tablet. Ser ein på funksjonalitet og pris så trur eg i alle fall at ein tablet dekkjer mange av områda eg treng. Og det er klart at kombinasjonen tablet og prosjektør er nokre høvdingar billegare enn pc, prosjektør og smartboard (berre smartboard kostar over 20 høvdingar).

«PC-tabbe i Buskerud fylkesting – digi.no : Personlig teknologi»

Digital kompetanse? Geometri

SketchUpImage via WikipediaSit no og planlegger matematikken (5. trinn) framover, oppdager med skrekk eit par oppgåver i boka, eller eit par skrekkoppgåver om du vil. Dette høyrer til kapitlet geometri, der WordArt vert presentert som eit teikneprogram:

1. Skriv Supermann eller et annet navn på forskjellige måter. 2. Øv deg på å bruke Wordart. Finn ut hva du kan gjøre med de små kvadratene som dukker opp. 3. Fargelegg teksten på forskjellige måter. Bruk disse knappene … 4. Form teksten som en trekant. Prøv å forme teksten som andre figurer.

Kva skal ein seie?
Dette er vel verken fugl eller fisk? Eg kan ikkje sjå for meg korleis elevane skal kobla dette til geometri og matematikk. Det hadde sikkert vore gøy for elevane å leika litt med WordArt, men det skal dei nok ikkje.

Det provoserer og at lærebokforfattarane baserer seg på at alle skular har Microsoft Office installert, når det finst gode alternativ og mange som satsar på skulelinux.

Eg trur nett det vert litt jobbing med Sketchup, Flyfoto, kart, Geogebra og eventuelt Geonext i staden…

Blogged with the Flock Browser