Fikk svi for juksingen da han begynte på lærerskolen – Kva gjer me med oppgåvene?

Den gamle og nye skole

– Jeg forstår ikke at ikke lærerne setter ned foten og sier nei til mobiltelefoner, mp3-spillere, og pcer med nettverktilgang under prøvene. Jeg vet uansett disse sakene om juks fører til mye debatt på lærerværelsene om dagen, sier Iversen, som med sin utdannelse ikke har jobbet i skolen selv, men jobber som pedagog.

– Det er på høy tid at det fokuseres på dette. Lærernes hovedoppgave er at elevene skal tilegne seg kunnskap, det gjør de ikke ved juksemetoden. Da skyter de seg selv i foten, sier han.

Eg trur fleire må tenkja nytt når det gjeld prøvar og vurdering. Spør ein etter fakta så er det ofte veldig lett å finna ferdige svar på internett. Tradisjonelle oppgåver om forfattarar og andre tema finst det og ferdige svar på, m.a. på http://www.daria.no/skole/ og http://www.skoleforum.com/stiler/artikkel/det.aspx?id=3765. Det finst fleire slike sider, oppgåvene vert ikkje registrert som plagiat i plagiatkontrollen til ephorus heller.

Er det mulig å juksa (finna ferdige svar) på oppgåvene er det vel oppgåvene som er for dårlege?

Klarer me å laga andre typer oppgåver som ikkje spør etter ting som ligg ferdig, men heller utfordrer til å bruka kjelder på ein god måte?
Er eksamensforma på denne måten?
Kan ein kanskje bruka mappevurdering i faga og så avslutta med ein muntleg presentasjon/eksamen med utgangspunkt i denne? Vil ein få vist fleire kompetansemål og unngå skippertak til eksamen dersom ein jobber med mappevurdering gjennom heile året?

Posted via email from ghveem

Eksamen på PC?

Denmark is a country which has traditionally embraced modern technology. For over a decade pupils have been able to type up their exam answers on computers.

The Danish government says if the internet is so much a part of daily life, it should be included in the classroom and in examinations.

Sanne Yde Schmidt, who heads the project at Greve, says: «If we’re going to be a modern school and teach them things that are relevant for them in modern life, we have to teach them how to use the internet.»

Vanskeligare og meir samansette oppgåver!
I tillegg må ein kunna bruka det ein har lært.

Udir: les.

Posted via email from ghveem

NKUL10 – i etterkant

Konferansar og referat er ferskvare, refleksjonar tek litt lengre tid…

Videoar frå konferansen er tilgjengeleg her og i itunes Uwide open sea

Det eg tenkjer på i etterkant av NKUL-konferansen er

– Diagnostisering, litt medisin, lite behandling.
Me veit nokolunde kva diagnosen er, me veit ein del av medisinen, med ikkje heilt korleis behandlinga skal gå føre seg. I det tilfellet trur eg at «Dei gode døma» er meir konkret og praktisk. Eg har trua på mindtools og å læra med datamaskinar, ikkje av.

– Sosialkonstruktivisme
Kan nok vera eit viktig prinsipp ein må bruka, det passar jo og med kunnskapsløftet. Det handlar kort fortalt om å arbeida saman med andre for å læra. Læring skjer då der meiningar og folk møtes, uansett om det er digitalt eller i klasserommet.

– ælæring (eg-læring).
Ein lærer slik ein likar best og når ein vil. Kva vert konsekvensen av det? Vil ikkje det forandra premissa og deler av oppdraget til skulen i dag? Det heilskaplege mennesket, det sosialt utvikla, å vera saman med andre. Blir me ekspertar på kvart vårt nes? Vil det resultera i isolert og fragmentert forståing? Klarar ein å sjå samanhengar mellom historie og samfunnsfag, eller i norskfaget for den del? (Kanskje det er det læraren skal gjera?) Kven kjem til å velja å fordjupa seg i Ibsen? Eller nynorsk? Kanskje det berre er deler av metodane som skal forandrast, ikkje kunnskapsløftet? Eksamen? Digitale mapper?

Det er mykje som er kult og fascinerande med IKT, men det er nokre felt skulen bør fokusera på:

  • Produksjon (Touch, skriveverktøy, samansett tekst, mestring…)
  • Informasjon (å finna, vurdera, tolka, bruka, rekontruera, sjå/visa samanhengar, personvern, personleg identitetsforvaltning)
  • Samarbeid (Korleis samarbeidar ein? Kven samarbeider ein med? Korleis få tak i riktig person til riktig tema? PLN)
  • Kompleksitet (Ja til fleire komplekse og samansette oppgåver! Der ein må bruka det som står ovanfor i praksis. Korte tidsfristar, krav, dokumentasjon og vurdering/refleksjon)

Eg er ikkje heilt ferdig med å tenkja på dette enda og held på med eit prosjekt eg trur er i rett gate, men meir om det seinare. Her har eg nemleg hoppa frå bryggja  utan å vera heilt sikker på om eg treng redningsvest eller båt…

Andre oppsummeringar (eit lite knippe):

http://plinius.wordpress.com/2010/05/07/p-9010/
http://bjornhelge.blogspot.com/2010/05/post-nkul.html
http://margreta.wordpress.com/2010/05/08/her-er-sa-underlig/
Moldeklev har samla det meste her: http://moldeklev.wordpress.com/2010/05/08/nkul-2010/

i tillegg har Niels ein god del her: http://www.pageflakes.com/niels.damgaard/25813214

Det viktigaste var kanskje å møta eit nettverk og mange dyktige folk frå mitt PLN. Takk for å få helsa på dykk på ordentleg og!

forskning.no > Minnepinne mot eksamensjuks

Minnepinne mot eksamensjuks

Skolene skal introdusere digital eksamen der elevene bruker sine egne bærbare datamaskiner, og mange elever kan fristes til å jukse. Forskere ved Norsk Regnesentral har funnet løsningen ved hjelp av fri programvare som startes fra en minnepinne.

– Under eksamen vil elevsystemet kjøre en tilpasset variant av Linux-systemet Ubuntu. Elevsystemet vil kun inneholde programvare som er nødvendig for gjennomføring av eksamen, bare tillatte nettsider vil være tilgjengelige og nettverkstilgangen vil være begrenset til skolens eksamensnett.

– På denne måten vil elevene i mindre grad fristes til å jukse, sier Truls Fretland.

– Før eksamensstart settes minnepinnen i elevens avslåtte datamaskin. Etter oppstarten tastes kandidatnummeret inn og PC-en sender jevnlig melding til administrasjonsmodulen at den er på nett.

Dette er viktig siden en omstart av maskinen kan gi eleven tilgang til dokumenter på egen harddisk, samt tilgang til ikke-godkjente nettverk.

Heile artikkelen finn du her.

Operativsystem på minnepinne er ei særs interessant teknisk løysing, sjølv har eg fleire slike minnepinnar liggjande med xbmc, ubuntu og linux mint i bruk. (Tips til korleis ein gjer slikt finn du
her
.)

Det er sjølvsagt diskusjonar om ein skal ha tilgang til alle hjelpemiddel under ein eksamen, og op oppgåvene er gode dersom ein lett kan svara på dei med alle hjelpemiddel tilgjengeleg. Men om ein no skal arrangera eksamen med eit avgrensa utval i hjelpemiddel er nok dette ei potensiell løysing. Tru om dei har sett det opp slik at ein ikkje kan lesa innhaldet på harddisken, cd-rom eller anna, det er fullt mulig å lasta ned t.d. heile wikipedia..