Norskressurs: Spesialeffektar i film

I samband med jobb har ein elev spurt meg om hjelp til å laga ein film med spesialeffektar. Eit av måla er å la han vera inne i filmane og effektane han skal presentera. Det får me nok til med ein einsfarga vegg, proffane bruker greenscreen og chroma keying.

I den samanhengen har eg ramla over ei liste med gode døme på spesialeffektar. I tillegg legg eg til nokre som tilfeldigvis er i interessefeltet mitt og.

Stikkord: rotoscope, kite, PIP

Animusic er kanskje ikkje spesialeffektar, men verdt å ta ein kikk på uansett. Dei har gitt ut minst to DVDar med ulike songar..

Stikkord: CAD, 3D, simulering, musikk.

100 år med spesialeffektar demonstrert gjennom ulike filmklipp:

Tron Legacy er vel for det meste laga på data…

Kva er eigentleg spel og kva er ikkje?

Utviklinga i verda i veldig grove trekk vert vist gjennom ein stop-motion animasjon basert på 2100 ark teikna for hand.

Heime hos oss går det mykje i Lego, og minstemann er ein kjennar innan sjangeren Lego Star Wars på youtube…

Ein treng eigentleg ikkje meir enn kreativitet og eit kamera for å laga fantastiske filmar (og ein plan og tid…). Denne musikkvideoen er laga med stop-motion.

Dette var eit lite tillegg og utdrag frå denne oversikta, mykje meir finst på youtube og så kan du finna fagstoff og fleire døme hos NDLA.

Læringsressursar og Youtube

Image representing Academic Earth as depicted ...
Image via CrunchBase

Det enkle spørsmålet «Har du lov til å visa filmar frå Youtube i undervising?» har ikkje eit enkelt svar. NRK Østlandssendingen har skrive om «Ulovlig bruk av Youtube» på skolen» der på IT-folk og filmfolk uttalar seg. Olav Torvund har forklart problemstillingane litt nærare i «Youtube og undervisning» og i kommentarfeltet er det nyttig informasjon å få med seg. Dersom ein har god tid kan ein kikka gjennom videoane frå Del rett-konferansen for å få meir informasjon om temaet. I tillegg kan det vere opplysande å lesa gjennom avtalane KS og Kopinor har for skulen. Eg er ikkje sikker på om avtalen om digital bruk er heilt dekkjande, men det er i alle fall gjeldande avtale ein må forholda seg til. Avtalen dekker nemleg ikkje video, lyd, program, interaktive læringsressursar osb…

Kva gjer ein for å sleppa å vurdera om ein har lov å bruka det ein finn på t.d. youtube? Ein unngår Youtube? Eller bruker ein dei ein veit ein kan bruka?

Det ein heil del gode ressursar du kan bruka, m.a. har NDLA gjort ein heil del video, lyd, bilete, animasjonar og andre læringsressursar tilgjengeleg for bruk i skulen. NRK Skole legg stadig ut meir materiale, sortert etter tema og kunnskapsløftet. TV2 har og laga til ein skulevariant, men for å få tilgang til denne må ein betala per år. Fleire universitet i Noreg bruker Itunes U for å leggje ut førelesingar og anna. NTNU og UiS er i gang. Medan UiO ikkje er så langt unna.

The New York Times viser i ein artikkel fleire gode læringsressursar som Academic Earth, Connexions, OpenCourseWare Consortium, Open Culture, ITunes U og YouTube.com/edu

Reblog this post [with Zemanta]

Reale triks – Dagbladet.no

Dagbladet (db.no) har laga ein serie med Reale triks .

Videoane viser fysikk i praksis, sannsynlegvis noko å bruka i undervisinga…

Her er alle episodane:

Tar du utfordringen?
2009 22. feb 2009

Slik utfordrer du Snåsamannen
2009 21. feb 2009

Verdens kjappeste triks?
2009 19. feb 2009

Trekk raskere enn din egen skygge
2009 18. feb 2009

Veddemål ved bardisken
2009 17. feb 2009

Få fyrstikkene til å leve
2009 16. feb 2009

Det magiske matpapiret
2009 15. feb 2009

Flytter objekter med tankekraft
2009 14. feb 2009

Lag en bombe med smell i
2009 13. feb 2009

Får du til tepose-trikset?
2009 7. jan 2009

Få mynten til å hoppe
2009 5. jan 2009

Lag ild med hendene!
2009 4. jan 2009

Sjekketriks med papir
2009 3. jan 2009

Kraftig oppblåst astronaut
2009 2. jan 2009

Lag plasma av en drue
2009 1. jan 2009

Et helt ubrukelig triks
2008 31. des 2008

Slik ser «Smoke on the water» ut
2008 30. des 2008

Stoffet som lar deg gå på vannet
2008 29. des 2008

Få en tepose til å fly
2008 28. des 2008

Fikk du penger til jul?
2008 27. des 2008

Robert Krampf sitt prosjekt, Experiment of the week, er ein meir omfattande ressurs.