Mikropresentasjonar

Martin Bekkelund kjem med eit godt tips til korleis du enkelt kan bruka ein iPhone til mikropresentasjonar. Ein kan sjølvsagt gjera det same med andre telefonar eller dingsar og.

  1. Eksporter presentasjonen til bilete.
  2. Overfør bileta til ei eiga mappe på mobilen.

Og så er ein klar til å dra fram presentasjonen når ein skal visa den til andre.

Mange nyare telefonar og dingsar har støtte for tilkobling til tv/prosjektør. Så i prinsippet kan ein halda heile presentasjonen i fullformat via telefonen/dingsen…

Enkelt og praktisk!

Les meir om alternativ og framgangsmåte her.

digi.no – Kommune vender Microsoft ryggen

digi.no – Kommune vender Microsoft ryggen: «Oslo (03.03.2005) – Kvinnherad blir blant de første kommunene i Norge og Skandinavia til å kutte Microsoft Office.»

Sannsynlegvis ikkje den første, meiner å hugsa at openoffice er standard i skulane i Stord kommune.

Dersom målet er å spara pengar kan det vere lurt å start med skulelinux i same slengen. Elevane vil nok takla overgangen.

Ei relevant oppgåve i denne samanhengen: Informasjons- og kommunikasjonsteknologi
i skulekvardagen

No kjenner eg til den aktuelle kommunen og veit litt om kva maskinar som er i bruk. Oppgradering av office er sannsynlegvis uaktuelt så lenge maskinparken forsatt inneheld ein del eldre maskinar. Maskinar som fortsatt køyrer windows 95 og 98 er vel ikkje berekna for bruka med ms office 2003 eller andre nyare. Og det er vel heller ikkje aktuelt å kjøpa ms office 97 på nytt.

I følgje kjeldene mine tek det opp mot to minutt for å få opp søkeresultat frå google, og då er det verken google eller linja som er flaskehals…

Dersom kommunen skal oppgradera ms office til noko nyare må dei samstundes oppgradera maskinparken, og det er vel der problematikken eigentleg ligg.
Dersom dei kan gå over til å bruka openoffice og fortsatt bruka dei maskinane dei har i staden for både å oppgradera maskinar og programvare har dei kanskje spart nokre kroner frå ein pressa kommuneøkonomi.