Kva bruker ein IKT til i læring? Hans Rosling demonstrerer

Eit praktdøme er Hans Rosling som visualiserer utviklinga til 200 land gjennom 200 år med 120 000 tal.

Sjå filmen tre gonger: Ein gong med bare lyd, ein gong med bare film og til sist med lyd og video.

Reflekter:
Kunne visualiseringa lært deg noko åleine? Kunne Hans Rosling lært deg noko gjennom forteljinga? Ja, til begge (kanskje forteljinga var mest lærerik?)

Poenget eg vil fram til er at denne måten å bruka IKT på (person pluss) sannsynlegvis er ein av måtane me må bli flinkare til å bruka. Kva tal kan du visualisera gjennom t.d. http://www.tableausoftware.com/, http://www.microsoft.com/silverlight/pivotviewer/ eller kanskje excel?

Geografi

Sider eg har publisert i skulesamanheng har ein del besøkande, eg føl litt med i loggane for å prøva å finna ut kva type lesarar som er innom, eller kvar dei er i frå. Besøk frå dep.no har vore registrert, i det siste har det kome inn ein del besøk frå søkeorda exxon valdez, det har kanskje samanheng med det som nyss har skjedd i Canada, elles er det nokre søkeord som går igjen.

Sidan sist eg sjekka har eg fått besøkande frå Afrika;

Continent of origin

1. Europe 10030 97.2 %

2. North-America 147 1.4 %

3. Asia 30 0.3 %

4. Australia 14 0.1 %

5. South America 5 0.0 %

6. Central America 3 0.0 %

7. Africa 3 0.0 %

Unknown 92 0.9 %

Total 10324 100.0 %

Les meir på lenka ovanfor..

NB. Det vert publisert bÃ¥de pÃ¥ masterhsh.blogspot.com og guttorm.hveem.no/blogg/, men det er same innhald pÃ¥ begge…