18 års aldersgrense på Google accounts i Noreg?

Prata så vidt med Jesper Ritsmer Stormholt på SDU08 om aldersgrenser og reglar på google med bakgrunn i dette blogginnlegget.

I «den vesle skrifta» (Terms of Service) stå det nemleg klart forklart i §2.3. at ein må vere juridisk myndig i det landet ein bur i for å oppretta ein konto hos google.

§2.3 Du kan ikke bruke Tjenestene og du kan ikke akseptere Vilkårene dersom (a) du er under den juridiske lavalder for inngåelse av kontrakt med Google, eller (b) du er avskåret fra å bruke Tjenestene i henhold til USAs lovgivning eller andre lands lovgivning, inkludert det landet du bor og benytter deg av Tjenestene. (http://www.google.com/accounts/TOS)

Grunnen til denne formuleringa skal visstnok vere preventiv for søksmål frå føresette og andre… For deira del er det altså nokolunde greit å la elevar under 18 år registrera seg. Men skal ein som lærar oppfordra dei til det?

Uansett. Spørsmålet mitt til Jesper var om Google Apps EDU er under same TOS. Det kunne han ikkje svara på der og då, men i dag fekk eg svar:

Vi har lavet en specielt for Google Apps EDU: http://www.google.com/apps/intl/en/terms/education_terms.html

Dermed er det op til skolens ledelse om de vil tilbyde og dermed tage det juridiske ansvar for denne service til deres elever. Dvs også under 18 år.

Dei som vil kan jo diskutera om ein bruker deler av Google Apps EDU viss ein bruker t.d. berre blogger og om dette er greit i forhold til TOS for Google Apps Edu… Det er kanskje forskjell på å fortelja elevane at dei skal oppretta ein blogg, eller om ein seier at elevane skal oppretta ein blogg på blogger.com. Elevane er jo sjølv ansvarleg for å lesa det som står med lita skrift når dei oppretter bloggen…

Synspunkt er velkomne i kommentarfeltet.

ITpro: Det er 18-års aldersgrense på Google –

«Det er 18-års aldersgrense på Google… Du kan ikke benytte deg av Googles produkter, programvare, tilbud eller hjemmesider, og kan ikke akseptere betingelsene om du ikke er over lovlig alder for å inngå en kontrakt.» Via ITPro

Ikkje er det lov å sjå video på Youtube for dei under 18 år heller i følgje ITavisen.

Men desse vilkåra gjeld rett nok «Google Accounts» og det treng ein ikkje for å søkja på Google.

Vil ikkje dette seie at ein ikkje kan bruka Blogger, Google Apps Education Edition eller andre tenester med elevar yngre enn 18 år i Noreg?

Sjekk vilkåra sjølv, spesielt punkt 2.3.

Blogged with the Flock Browser